FylkesROS for Sogn og Fjordane

FylkesROS for Sogn og Fjordane vart sist revidert i 2017, og har sidan blitt utvida med to scenariobaserte analysar.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane hadde fylkesberedskapsrådet som overordna styringsguppe i arbeidet med revisjonen av fylkesROS for Sogn og Fjordane, med tilhøyrande handlingsplan. I samband med revisjonen vart fylkesROS utvida mellom anna med tema knytt til uønskte hendingar som terror og IKT-angrep, og har blitt utvida med to risikoscenario.

Risikoscenarioa har blitt utvikla som supplement til den overordna analysen, med føremål om å identifisere konkrete utfordringar og moglege risikoreduserande tiltak, og sjå nærare på korleis samvirket mellom dei sentrale aktørane kan fungere best mogleg. 

Tunnelbrannscenarioet er lagt til Grasdaltunnelen på Strynefjellet, og er utvikla i samarbeid med Vest politidistrikt, Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Helse Førde, Sogn og Fjordane brannbefalslag (brannsjefane i Stryn, Årdal og Aurland), Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt, Statens vegvesen region vest, Sogn og Fjordane Røde Kors og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. 

Cruiseskipscenario tek føre seg tre ulike scenario som alle er lagt til Aurlandsfjorden; brann, smitteutbrot og blackout (tap av motorkraft). Analysen er eit resultat av samarbeid mellom Vest politidistrikt, Helse Førde, Bergen brannvesen, Kystverket, Sogn og Fjordane Røde Kors, SOgn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt, Aurland kommune, Aurland hamnevesen, Stryn kommune, Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.