Samfunnstryggleiksministeren på besøk i Jølster

Samfunnstryggleiksminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde var onsdag 7. august i Jølster for å sjå skredområda og for å snakke med innsatspersonell og innbyggjarar som vart råka av skreda.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.08.2019

Tybring-Gjedde fekk høyre korleis politiet, kommunen, sivilforsvaret og frivillige jobba med å handtere den vanskelege situasjonen som uvêret skapte tysdag 30. juli. Ministeren meinte at beredskapsaktørane var gode på å samarbeide, og ho var særleg imponert over dugnadsånda og innsatsen til dei frivillige. Det å evakuere så mange menneske utan telefondekning er veldig krevjande, sa ministeren. Ho vil i samarbeid med digitaliseringsministeren arbeide for at telesystemet skal verte meir robust.

Etter ei samling på Vassenden skule besøkte Tybring-Gjedde grenda Slåtten, der ho snakka med ein familie som vart evakuert frå heimen sin. Historia om korleis dei veldige naturkreftene kom så nært på husa på familien, gjorde sterkt inntrykk på ministeren og alle som var i følgje med henne.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Fylkesberedskapssjef