Årleg møte i fylkesberedskapsrådet

Det nye fylkesberedskapsrådet for Vestland blir samla til sitt årlege møte i neste veke.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.04.2019

Fylkesmann Lars Sponheim vil leie rådet gjennom eit program der tema som IKT-tryggleik, erfaringar frå øvinga Trident Juncture og den nasjonale helseberedskapsøvinga i fjor blir sentrale. Ny fylkesROS for Vestland, industririsiko og informasjon frå medlemsaktørane står òg på programmet.
 
Fylkesberedskapsrådet får besøk frå mellom anna Nasjonal sikkerhetsmyndighet, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og Forsvarets operative hovedkvarter, som vil innleie diskusjonar om dei ulike temaa.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Fylkesberedskapssjef