Kommunane og legane sitt ansvar etter smittevernlova

Smittevernlova skal verne folk mot smittsame sjukdomar. Lova skal sikre at helsestyresmaktene og andre styresmakter set i verk naudsynte smitteverntiltak og samordnar dette arbeidet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.03.2020

Lova skal òg verne rettsvernet til den enkelte som vert omfatta av smitteverntiltak. 

Kommunen er lokal smittevernmynde

Smittevernlova § 7-1 seier at kommunen skal syte for at alle som bur eller som midlertidig  er i kommunen, er sikra naudsynte tiltak med omsyn til smittsam sjukdom. Kommunen skal òg utføre dei oppgåver innan smittevernet som påleggast i lova her eller føresegner i medhald av lova.

Legen sine plikter

Etter smittevernlova § 3-5 skal legen vere særleg merksam på moglegheita for at pasienten har ein allmennfarleg smittsam sjukdom, slik covid-2019 (koronavirus) no er definert. Ein lege som får mistanke om at ein pasient har ein slik sjukdom, skal etter samtykke frå pasienten  gjere eller sette i verk dei undersøkingar som er naudsynte for å avgjere om det ligg føre ein slik sjukdom.

Utvida mynde i særlege situasjonar

Smittevernlova gjev òg kommunane og Helsedirektoratet utvida mynde, mellom anna kan helsepersonell påleggast utvida oppgåver.

Smittevernlova § 4-9 fjerde ledd seier at ein lege som er tilsett i kommunen eller som utfører helse- og omsorgstenester på vegner av kommunen (t.d. fastlegar), har plikt til å ta del i førebygging av ein allmennfarleg smittsam sjukdom og i undersøking og behandling av ein person som er smitta med ein slik sjukdom, når det er naudsynt  og etter vedtak av kommunestyret.

Med heimel i smittevernlova §§ 4-9 og 7-10 kan òg Helsedirektoratet pålegge helsepersonell å følgje nærmare bestemde faglege retningsliner i samband med førebygging, undersøking, behandling eller pleie ved allmennfarleg smittsam sjukdom.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.