Evaluering av hendingane etter uvêret 30. juli

Tysdag 3. september var ei rekkje beredskapsaktørar samla på Skei for å evaluere handteringa av hendingane 30. juli. No er referatet frå møtet klart.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.10.2019

Hovudføremålet med evalueringsmøtet var å identifisere lærepunkt knytt til samarbeid og samvirke på tvers av beredskapsaktørar. I Vestland må vi bu oss på at klimaendringane vil føre til at slike hendingar vil oppstå oftare. Nettopp difor er det viktig å syte for læring og utvikling i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.

Eitt av dei viktige funna er at det ideelt sett burde ha vorte varsla på oransje nivå i forkant av hendingane. Samstundes er det viktig at kommunar og beredskapsaktørar tek det gule varselet på alvor. Kvar aktør må tenkje gjennom kva dei ulike varsla betyr for sin organisasjon, men det må òg vere diskusjonar på tvers for å diskutere korleis vi saman kan verte betre. Fylkesmannen vil ta initiativ til det.

Eit anna viktig funn er at samarbeid på tvers av kommune- og organisasjonsgrenser er viktig. Både Førde kommune, Jølster kommune og politiet opplevde at arbeidet vart mykje lettare fordi dei i dette tilfellet sat saman under handteringa.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.