Krisehandtering og samordning

Ansvarsprinsippet inneber at den instansen som er ansvarleg for eit område i ein normalsituasjon, også har ansvaret ved ekstraordinære hendingar og kriser. Nærleiksprinsippet inneber at kriser skal handterast på lågast mogleg nivå.

Fylkesmannen kan samordne innsatsen

Ved større kriser og katastrofar er det ofte fleire instansar som er involverte i krisehandteringa. I slike situasjonar kan Fylkesmannen samordne innsatsen. Dersom det blir aktuelt å setje i verk ei slik regional samordning, skal det opprettast kontakt mellom Fylkesmannen og dei aktuelle etatane. Her kan fylkesberedskapsrådet vere eit viktig forum.

Alle fylke skal ha eit fylkesberedskapsråd

Fylkesberedskapsrådet er sett saman av leiarar av offentlege beredskapsetatar, kommunar, næringsliv og frivillige organisasjonar. Rådet er eit forum for gjensidig orientering om beredskapsarbeid, og i ein krisesituasjon vil rådet vere Fylkesmannens sentrale samarbeids- og støtteorgan.

Ved krig har Fylkesmannen mynde til å ta hand om viktige samfunnsinteresser dersom kommunikasjonen med regjeringa blir broten.

Vis meir


02.07.2020

Erfaringar så langt frå covid-19-pandemien

Kva har vore positivt, og kva kan vi bli betre på i neste fase av handteringa?

16.03.2020

Telefonmøte med kommunane

Fylkesmannen, kommunane og helseføretaka har jamlege telefonmøte om koronasituasjonen. Her følgjer referat frå møta.

12.03.2020

Omfattande tiltak i heile landet for å hindre spreiing av Covid-19

Helsedirektoratet har vedteke å stenge barnehagar, skular og utdanningsinstitusjonar frå torsdag 12. mars kl. 18.00. Ei rekkje andre tiltak som vil påverke heile samfunnet vårt blir òg innført.

10.03.2020

Kommunane og legane sitt ansvar etter smittevernlova

Smittevernlova skal verne folk mot smittsame sjukdomar. Lova skal sikre at helsestyresmaktene og andre styresmakter set i verk naudsynte smitteverntiltak og samordnar dette arbeidet.

28.02.2020

Møte i fylkesberedskapsrådet

Her følgjer referat frå møta der fylkesberedskapsrådet diskuterer koronaberedskap. 

25.10.2019

Evaluering av handteringa av smitteutbrotet på Askøy

Fredag 6. september arrangerte Fylkesmannen, i samarbeid med Askøy kommune, evalueringsmøte for handteringa av smitteutbrotet i sommar. Hovudtema var å sjå på samhandlinga og samvirket mellom dei mest sentrale aktørane.

07.10.2019

Evaluering av hendingane etter uvêret 30. juli

Tysdag 3. september var ei rekkje beredskapsaktørar samla på Skei for å evaluere handteringa av hendingane 30. juli. No er referatet frå møtet klart.

09.08.2019

Samfunnstryggleiksministeren på besøk i Jølster

Samfunnstryggleiksminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde var onsdag 7. august i Jølster for å sjå skredområda og for å snakke med innsatspersonell og innbyggjarar som vart råka av skreda.

13.05.2019

Årleg samling i fylkesberedskapsrådet 2019

Det nye fylkesberedskapsrådet i Vestland var samla til si første årlege samling i Førde 10. og 11. april 2019.

30.04.2019

Evaluering av samvirke ved brann i Gudvangatunnelen 30. mars 2019

Samvirket ved handteringa av brannen i Gudvangatunnelen 30. mars var tema for evalueringsmøte i Aurland fredag 26. april.

Fleire nyhende


Aktuelt

Kriseinfo.no er din inngang til myndighetenes kriseinformasjon.

Fylkesberedskapssjef

Beredskapsvakt

Ved akutte spørsmål og meldingar utanom kontortid:

Vakttelefon: 916 99 098 (ikkje SMS)

E-post: fmvlberedskap@fylkesmannen.no