Informasjon om utbrotet av koronavirus

Illustrasjonsfoto (foto: Centers for Disease Control and Prevention)
Illustrasjonsfoto (foto: Centers for Disease Control and Prevention)

Her er generelle råd frå helsestyresmaktene og oversikt over informasjonskjelder hjå sentrale styresmakter.

Ei samla oversikt over våre nyhendesaker om koronaviruset, finn du her.

For oppdatert informasjon om tiltak og råd til befolkninga sjå:  https://helsenorge.no/koronavirus.

Oversikt over tal smitta og innlagde pasientar på sjukehus

Folkehelseinstituttet publiserer dagleg rapportar som mellom anna viser tal på meldte smittetilfelle fordelt på fylke og kommunar.

Helsedirektoratet publiserer dagleg oversikt over talet på pasientar som er innlagt på norske sjukehus. 

Kvar finn du meir informasjon?

Hygiene og smittevern

God hoste- og handhygiene er blant enkle, men viktige tiltak for å avgrense og forseinke smittespreiing av koronavirus. På Folkehelseinstituttet sine nettsider finn du oppdaterte råd om hand- og hostehygiene, bruk av munnbind, reingjering og klesvask

Karantenereglar etter nær kontakt med smitta personar

Dei som har hatt nær kontakt med person som har fått påvist koronasmitte, skal vere i heimekarantene i 14 dagar etter siste kontakt med den smitta personen. Nær kontakt med person som har fått påvist smitte kan til dømes vere:

  • Personar i same husstand
  • Direkte fysisk kontakt, som å handhelse eller klemme
  • Bli hosta på
  • Vere i same rom/møte på mindre enn 2 meters avstand i meir enn 15 minutt

For meir informasjon om smitte, karantene og isolasjon sjå helsenorge.no

Ring fastlege dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon (eller legevakt 116117), for å avtale prøvetaking og timeavtale/behandling.

Fylkesmannens ansvar og rolle 

Fylkesmannen er bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter. Vi vidareformidlar informasjon frå sentrale styresmakter til kommunane i Vestland og melder innspel og spørsmål frå kommunane tilbake til nasjonalt nivå. Vi har tett dialog med kommunane og aktørar i fylket på regionalt nivå. 

Vi skal vere merksame på smittevernet i fylket, ha oversikt over og kunnskap om lokale smittevernplanar, og yte bistand ved behov. 

Enkle, men viktige tilrådde smitteverntiltak

Myndigheitene oppmoder alle om å gjere enkle smitteverntiltak for å ta omsyn og avgrense smittespreiing. Det er særleg viktig å ta omsyn til dei som har anna sjukdom og redusert helsetilstand, og som vil kunne få eit meir alvorleg sjukdomsforløp dersom dei blir smitta av influensasjukdom.

 

Plakat frå folkehelseinstituttet om smittevernstiltak