FylkesROS

FylkesROS (risiko- og sårbarheitsanalyse) skal gi oversikt over risiko og sårbarheit i fylket, danne felles plattform for å førebygge uønskte hendingar og styrke samordninga av regionalt arbeid med beredskap og krisehandtering. 

FylkesROS skal gi fylkesmennene eit betre grunnlag for dei ulike rollene embetet har i høve samordning, som pådrivar for samfunnstryggleik i fylket, beredskapsplanlegging internt og i høve andre aktørar, innspel i førebyggande arbeid etter plan- og bygningslova og kommunane sitt arbeid med oppfølging av kommunal beredskapsplikt. 

Her finn du fylkesROS for Hordaland og fylkesROS for Sogn og Fjordane (sjå òg lenke i marg), som har vore utarbeida av dei to respektive embeta før samanslåing 1. januar 2019 til Fylkesmannen i Vestland. Det nye embetet er i gang med å førebu gjennomføring av ein ny felles fylkesROS for det som frå 1. januar 2020 blir Vestland fylke.