Fylkesmannen opna nasjonal klimaomstillingskonferanse

Fylkesmann Lars Sponheim.
Fylkesmann Lars Sponheim.

Fylkesmann Lars Sponheim opna den fjerde nasjonale klimaomstillingskonferansen i Sogndal, der deltakarar frå offentlege og private verksemder er samla for å diskutere klimaomstillingsval.

Årets nasjonale klimaomstillingskonferanse handlar om kva politiske og personlege val vi må ta for å nå 1,5 gradersmålet, og korleis vi skal tilpasse oss eit klima i stadig endring. Sponheim innleia mellom anna med å seie at det er viktig at klimadebatten ikkje berre handlar om skuggesidene, men at vi også diskuterer kva beslutningar vi kan ta i kvardagen for å skape eit lågutsleppssamfunn. 

- Eg er oppteken av at dei store samfunnsendringane vi står overfor også gir oss moglegheiter til å skape gode samfunn for mennesker, sa Sponheim.  

Utover dagen og morgondagen vert det varierte føredrag frå ei rekkje viktige aktørar på klimaområdet. I dag får vi mellom andre besøk av professor Linda Nøstbakken frå Noregs handelshøgskule. Ho er medlem i klimarisikoutvalet, og kjem for å snakke om klimarelaterte risikofaktorar og deira betydning for norsk økonomi. Andre tema i løpet av dagen er barn og unge som endringsagentar, klimatilpassingsteknologi og tilskot til klimatilpassingstiltak.  

Hovudtemaet for morgondagen er personlege og politiske klimaomstillingsval. Avslutningsvis vert det ein politisk debatt mellom partia i det nye Vestland fylke. Politisk redaktør i Bergens Tidende, Frøy Guldbrandsen, skal leie debatten som er basert på spørsmål frå barn og unge.

Nasjonal klimaomstillingskonferanse er eit samarbeid mellom: Fylkesmannen i Vestland, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune, Vestlandsforsking, Senter for klima og energiomstilling, Høgskulen på Vestlandet, Norsk senter for bærekraftig klimatilpasning, Statens vegvesen, Norges vassdrags- og energidirektorat, Universitetet i Bergen og Klimapartnere Vestland.

Konferansen kan følgjast på nett-tv ved å klikke på denne lenkja: www.klimaomstilling.no

Kontaktpersonar

Dokument