Analyse av uønskte hendingar på cruiseskip

I fjor haust publiserte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ein analyse av uønskte hendingar som kan inntreffe på cruiseskip. I kjølvatnet av hendinga med cruiseskipet Viking Sky er analysen meir aktuell enn nokon gong.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.03.2019

Analysen tek føre seg tre ulike scenario som er lagt til Aurlandsfjorden i Sogn og Fjordane. Scenarioa handlar om brann, smitteutbrot og blackout (tap av motorkraft). Føremålet med analysen har mellom anna vore å belyse beredskapsmessige utfordringar med cruiseskipstrafikken, skildre rolle- og ansvarsforhold ved krisehandtering og vurdere risikoen som knyter seg til slike hendingar. Analysen er eit resultat av eit samarbeid mellom: Vest politidistrikt, Helse Førde, Bergen brannvesen, Kystverket, Sogn og Fjordane Røde Kors, Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt, Aurland kommune, Aurland hamnevesen, Stryn kommune og dei tidlegare fylkesmannsembeta i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.