Førebyggjande samfunnstryggleik

All planlegging skal fremme samfunnstryggleik. Det går fram av mellom anna plan- og bygningslova. Som lokal planstyresmakt har kommunane ansvar for og heimel til å nekte at areal som er eller kan vere utsette for fare, blir tekne i bruk. Dette gjeld for så vel enkeltståande byggjetiltak som meir omfattande planar.

Omsynet til samfunnstryggleik må føre til konkrete val

I praksis betyr dette blant anna at bustadfelt og institusjonar ikkje må leggjast til område som er utsette for flaum, skred eller andre hendingar som kan innebere fare for liv og helse. Det bør òg vere alternative forsyningsvegar av drikkevatn og straum dersom hovudtilførslane skulle bryte saman. Ved etablering av nye samferdselsårer skal bustadområde, skular og andre institusjonar skjermast best mogleg.

Kommunal ROS-analyse er lovbestemt

Risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar) blir brukte til å kartleggje sannsynet for og konsekvensane av uønskte hendingar i eit bestemt område. Dette kan for eksempel vere flaum eller straumbrot. Ein heilskapleg ROS-analyse skal liggje til grunn for kommunens arbeid med samfunnstryggleik.

Vis meir


28.05.2019

Analyse av uønskte hendingar innan oppdrettsnæringa

I fjor publiserte Fylkesmannen i Hordaland ein revidert ROS-analyse av uønskte hendingar innan fiskeoppdrettsnæringa. I kjølvatnet av hendinga med algeoppblomstringar og massedød av oppdrettsfisk i Nordland og Troms er analysen meir aktuell enn nokon gong.

28.05.2019

Oppdatert informasjon om jodtablettar

Helsedirektoratet, Statens legemiddelverk og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik har sendt ut oppdatert informasjon til publikum og helsepersonell om jodtablettar ved atomulykker.

23.05.2019

Kurs om samfunnstryggleiks- og beredskaparbeid

Nasjonalt utdanningssenter for samfunnssikkerhet og beredskap (NUSB) har publisert kursplan for hausten 2019.

20.05.2019

Skogbrannberedskapen i 2019

I byrjinga av månaden deltok vi på eit møte i regi av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), om skogbrannberedskap. Dei viktigaste temaa var erfaringar frå i fjor, skogbrannhelikopter og leiarstøtte. 

24.04.2019

Fylkesmannen opna nasjonal klimaomstillingskonferanse

Fylkesmann Lars Sponheim opna den fjerde nasjonale klimaomstillingskonferansen i Sogndal, der deltakarar frå offentlege og private verksemder er samla for å diskutere klimaomstillingsval.

29.03.2019

Analyse av uønskte hendingar på cruiseskip

I fjor haust publiserte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ein analyse av uønskte hendingar som kan inntreffe på cruiseskip. I kjølvatnet av hendinga med cruiseskipet Viking Sky er analysen meir aktuell enn nokon gong.