TISK-øving i regi av Fylkesmannen

Kva strategi har kommunen for krisekommunikasjon ved eit lokalt smitteutbrot? I kva grad vert det nytta «nabohjelp» for å sikre ei god krisehandtering? Det er nokre av problemstillingane kommunane har drøfta når dei har øvd på å handtere lokale smitteutbrot.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.12.2020

I september gjekk Helsedirektoratet ut med ei oppmoding om bruke øvingar som ein måte å utvikle kompetanse og system for lokal handtering av smitteutbrot. Vi følgde opp dette ved å lage eit øvingsopplegg, som vi har tilbode til kommunane. Til no har sju kommunar øvd i regi av oss, og nokre kommunar planlegg øving tidleg i 2021. Øvingane er gjennomført både digitalt og med fysisk oppmøte.

Diskusjonsøving i to delar

Første del av øvinga rettar seg mot den kommunale kriseleiinga, som har diskutert dei overordna problemstillingane knytt til m.a. krisekommunikasjon, ressurssituasjonen i kommunen og eventuell støtte frå kommunar omkring.

Det lokale smittesporingsteamet har vore målgruppa for andre del. Her har kommuneoverlegen m.a. vorte utfordra på spørsmål om korleis smittesporinga bør organiserast for å avgrense omfanget av eit utbrot.

Eit relevant scenario

Vi har laga eit relevant, men fiktivt scenario tilpassa kvar enkelt kommune. Det er igjen basert på reelle hendingar.

Insentiv til vidare øving

Fleire av kommunane som har deltatt fortel at øvinga har gitt insentiv til å øve meir på TISK-strategien. Øvinga har avdekt forbetringspunkt i beredskapsplanverk og prosedyrar. Vi fekk nokre tilbakemeldingar om at øvinga var for kort og at den burde gått meir i djupna på sjølve smittesporinga. Nokre kommunar fortel at dei har brukt mykje tid på å setje seg inn i planverk og prosedyrar i samband med øvinga, og at det i seg sjølv har gitt auka kunnskap.

Fram til vaksinen kjem

Det dukkar stadig opp nye smitteutbrot i Noreg og det kan ta lang tid før vaksinen har gitt tilstrekkeleg immunitet til å forhindre det. Vi vil difor framleis oppmode kommunane om å øve på å handtere utbrot. Både lokale utbrot og dei som går på tvers av kommunegrensene. Erfaringar viser at samarbeid og bruk av «nabohjelp» kan vere heilt avgjerande i kampen mot viruset. Vi oppmodar difor kommunane om å planlegge for både å gi hjelp til andre kommunar, og å ta i mot hjelp når det er nødvendig. Vi trur at det å øve saman kan vere eit godt bidrag i så måte.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.