Ny måte å varsle intense regnbyer med fare for flaum og skred

Etter forslag frå ei arbeidsgruppe, har Meteorologisk institutt og NVE bestemt å samordne varsel om fare for kraftige regnbyer med flaum og skred som konsekvens.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.06.2020

Sommaren er den tida av året då vi i Noreg stadig oftare opplever styrtregn - det vil seie intense regnbyer, ofte med lyn, tore og hagl. Dei siste åra har det vore fleire dramatiske hendingar, mellom anna i Jølster i fjor sommar og i Utvik og Breim i 2017.

Til no har det vore sendt ut separate farevarsel om kraftige regnbyer og om flaum- og jordskredfare. No er dette samla til eitt, samordna farevarsel som vert kalla styrtregnvarsel. Farevarselet for styrtregn vil vere på gult eller oransje nivå. Det må takast alvorleg, sidan det kan ramme hardt lokalt.

Det vil framleis kome separate farevarsel om flaum- og jordskredfare når hovudårsaka ikkje er styrtregn. Det vil òg kome varsel om mykje regn for regn som varer over lengre tid.

Arbeidsgruppa kjem med desse råda knytt til varsel om styrtregn:

  • Når du les eit farevarsel om styrtregn, enten på Varsom, Halo, Yr eller via e-post/SMS frå abonnementsløysinga, må du vere klar over at styrtregn er utfordrande å varsle.
  • Det er difor viktig å følgje med på oppdateringar, men òg vere førebudd på å kunne ta imot varsel kort tid før styrtregnet inntreff. 
  • På Varsom og Yr er det mogleg å sjå dei siste nedbørobservasjonane og eit 90-minuttars nedbørvarsel. Det gir nyttig informasjon om kvar det er venta at det vil regne, og kvar det er venta å regne mest intenst. 

Dei skriv vidare om kva som er spesielt med styrtregn og kva konsekvensar som kan ventast:

  • Det er vanleg å skilje mellom langvarig regn (gjerne over fleire dagar og store område) og styrtregn (intense regnbyer over éin eller nokre få timar, og gjerne heilt lokalt).
  • Lyn og torevêr høyrer ofte saman med styrtregnet, og i tillegg lokale kraftige vindkast og eventuelt hagl. 
  • At det regnar så intenst over ein kort tidsperiode gjer at det svært ofte vert utfordringar med overvatn, særleg i tettbygde område, på vegar eller andre stader med mykje tette flater eller dårleg drenering. 
  • Andre moglege konsekvensar er bekke- og elveløpsendringar, og jord- og flaumskred der regnbyene treff. Det farlege styrtregnet er som regel svært lokalt, sjølv det er varsla for eit større område.

Arbeidsgruppa reknar òg opp ein del moglege førebuande tiltak som beredskapsaktørane bør gjere:

  • Beredskapsaktørar må heile tida vurdere behovet for beredskap.
  • Kommunane vert oppmoda å gå gjennom eigen risiko- og sårbarheitsanalyse og beredskapsplan, der det m.a. bør vere omtalt korleis moglege konsekvensar av styrtregn skal handterast. 
  • Det bør gjerast ei kartlegging av tilgjengelege ressursar for handtering av moglege flaumar og jordskredfare (eksempelvis tilgjengeleg personell, maskiner, sandsekkar, pumper og sambandsutstyr.)
  • Sjekk avløpsvegar som kummar, stikkrenner m.v., og fjern det som hindrar vatnet i å renne fritt (snø, is, lauv, søppel o.l.). 

Arbeidsgruppa minner òg om at du kan få varsel på e-post eller SMS om både farleg vêr og flaum- og skredfare for ditt område, ved å teikne eit gratis abonnement på https://abonner.varsom.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Lenkjer