Ny abonnementsløysing for naturfarevarsel

No inneheld abonnementsløysinga på varsom.no både varsel om flaum og skred frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og landbaserte varsel frå Meteorologisk institutt (MET). 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.09.2019

Abonnementsinformasjon

NVE har samarbeidd med MET og Statens vegvesen (SVV) om å vidareutvikle abonnementsløysinga for naturfarevarsel. Den nye versjonen har vorte meir brukarvenleg, han tilfredsstiller krava til GDPR og universell utforming, i tillegg er abonnementet gratis.

Ved å teikne eit abonnement får du varsel på e-post/SMS med det same det er publisert på varsom.no. E-posten/SMS-en inneheld ei lenkje til varselet på varsom.no. Du må alltid klikke på lenkja og lese varselet der, ettersom informasjonen i e-posten/SMS-en er svært avgrensa. Du kan sjølv avgjere abonnementstype ved å velje naturfaretype, område (kommune, fylke eller region), varslingsnivå og korleis du ønskjer å få varselet tilsendt (e-post og/eller SMS).

NVE rår til at alle som abonnerer på varsel om flaum- og jordskredfare vel gult nivå som det lågaste varslingsnivået. Vidare rår dei til at alle som abonnerer på varsel om flaum- og jordskredfare òg vel «varsel om regnbyger». Det er eit samordna varsel utarbeidd av MET og NVE som mellom anna tilseier «fare for overvann i tettbygde områder, lokale oversvømmelser, bekke- og elveløpsendringer, jord- og flomskred der regnbygene treffer.»

Informasjon om pålogging

Viss du allereie har eit abonnement og ønskjer å behalde det, kan du logge inn ved å velje «Allerede registrert abonnement.» Den nye abonnementsløysinga støttar ikkje pålogging med Google eller Facebook. Har du slik pålogging må du opprette eit nytt abonnement før 1. oktober ved å klikke «Registrer». Har du gløymt passordet, klikk «Glemt brukernavn eller passord» og følg instruksjonen.  

Viss du har oppretta eit abonnement på beta-versjonen, må du abonnere på nytt innan 1. oktober. Logg inn på https://abonner.varsom.no/#/ med same brukar og passord (bruk «Allerede registrert abonnement»). For å unngå å få dobbelt opp med varsel fram til 1. oktober må du sjølv slette abonnementet ditt på beta-versjonen. 

Viss du har spørsmål om tenesta kan du ta kontakt med NVE: varsom-abonner@nve.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar