Lærerik øvingsdag i Sogndal

Torsdag 14. mars vart det gjennomført ei øving om pågande, livstrugande vald (PLIVO) på campus i Sogndal. Øvinga var eit samarbeid mellom: fylkeskommunen i Sogn og Fjordane, nødetatane, Sogndal kommune, Sogndal vgs, Høgskulen på Vestlandet, Sogndal fotball og Fylkesmannen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.03.2019

Øvingsdagen vart opna av fylkesdirektør for opplæring Bekka Skaasheim i fylkeskommunen. Deretter fekk øvingsdeltakarane ei teoretisk innføring i krisehandtering og PLIVO-hendingar. Seniorrådgjevar Mari Severinsen ved Fylkesmannen starta med å fortelje om roller og ansvar i krisehandtering. Psykolog Reidar Thyholdt ved RVTS Vest følgde opp med eit innlegg om psykososiale utfordringar. Til slutt gav instruktør Kjetil Nordeng i Vest politidistrikt ei orientering om prosedyren som nødetatane har for å samarbeide om handteringa av slike hendingar. 

Etter lunsj vart det gjennomført ei «table-top»-øving som vart leia av rådgjevar Stig Morten Tengesdal ved Fylkesmannen. Fylkesmannen har eit viktig ansvar for å øve kriseleiingane i kommunane. Her deltok kriseleiingane frå: Sogndal kommune, fylkeskommunen, Sogndal vgs, Høgskulen på Vestlandet og Sogndal fotball. Representantar frå nødetatane og Sivilforsvaret bidrog også i diskusjonane. I tillegg var kriseleiingane ved alle dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane med som observatørar. Til saman deltok om lag 120 personar i «table-top»-øvinga.

Formålet med «table-top»-øvinga var å diskutere roller, ansvar og forventningar, både internt og på tvers av organisasjonane. Varslingsrutinar, krisekommunikasjon og oppfølging av evakuerte og pårørande var nokre av temaa som stod på dagsordenen. Dagen vart avslutta med at nødetatane øvde på PLIVO-scenario, der mange av deltakarane på «table-top»-øvinga deltok som markørar. Tilbakemeldingane har vore at det var ein lærerik dag med nyttige diskusjonar og observasjonar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.