Fjellskred

Utsikt mot Flåm frå Joasetbergi (Foto: Lene Kristensen, NVE)
Utsikt mot Flåm frå Joasetbergi (Foto: Lene Kristensen, NVE)

Fjellskred er sjeldne, men kan føre til store øydeleggingar og tap av menneskeliv. Fjellskreda i Loen i 1905 og 1936 er to av dei verste naturkatastrofane i landet i moderne tid. Joasetbergi i Aurland kommune er eitt av sju fjellparti i Noreg som er definert som høgrisikoobjekt, og er i dag under kontinuerleg overvaking.

Joasetbergi er ei frittståande fjellblokk på om lag 280 000 m³, og er ein del av fjellpartiet Stampa.  Stampa er eit av dei største ustabile fjellpartia i Norge med eit volum på
300 millionar m³. Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) meiner det ikkje er realistisk at heile fjellpartiet vil kollapse og skape ei stor flodbølgje i Aurlandsfjorden.

Målingar dei siste åra viser at Joasetbergi har ei årleg rørsle på om lag éin centimeter. Det er utarbeidd beredskapsplanar som skal sikre evakuering av områda som vil verte råka av fjellskredet og av flodbølgja som det vil skape.

NVE, politiet, Aurland kommune og Fylkesmannen er hovudaktørar i beredskapen mot fjellskred ved Joasetbergi, og er ansvarlege for å utarbeide planverk og gjennomføre øvingar. Første utgåva av planverket var ferdig hausten 2017, og vil verte revidert ved jamne mellomrom. Første øving vil vere ei skrivebordøving i mai 2018.

Fjellskredovervaking NVE: https://www.nve.no/flaum-og-skred/fjellskredovervaking/