Beredskap

Oppdatert 12.03.2024

Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn, men når samfunnet blir råka av ei stor hending eller krise, må vi ha ein plan for korleis vi skal handtere situasjonen. Vi treng planar for krisehandtering, og vi må øve på krisesituasjonar i tråd med planane. Alle aktørar på sentralt, regionalt og lokalt nivå har ansvar for både å planlegge og øve. 

I tillegg til å øve eigen kriseorganisasjon, har Statsforvaltaren ansvar for jamleg å øve kriseleiinga i kommunane. Statsforvaltaren skal dessutan vere ein pådrivar for øvingar som involverer andre regionale fagetatar, som til dømes Forsvaret. 

Beredskap er ein viktig del av samfunnsplanlegginga

Ei anna viktig oppgåve for Statsforvaltaren er å sjå til at vi i samfunnsplanlegginga tek beredskapsomsyn, og at kommunane har eigne kriseplanar. 

Statsforvaltaren skal koordinere den regionale atomberedskapen og medverke til at regionale og lokale etatar utviklar planar for å kunne handtere ei atomulykke. Her er det Statens strålevern som er nasjonal fagetat.

Du er også ein del av Noregs beredskap

Dersom straumen blir vekke eller du blir isolert av veret, bør du vere rusta til å klare deg sjølv i nokre dagar. Styresmaktene ber oss difor vurdere risiko og sårbarheit i eigen heim. Du bør tenke gjennom kva som kan skje, kva konsekvensar det kan få, og korleis nettopp din familie kan handtere det. Finn gjerne også ut kven som kan trenge di hjelp og korleis du kan bidra. Dei grunnleggande behova dei tre første døgna av ei krise er varme, mat, drikke, legemiddel, hygiene og tilgang til informasjon. Mange av oss har alt ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv i nokre dagar, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å komme helt i mål. Her får du gode idear til kva som bør vere på plass i ditt eige beredskapslager.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 13.02.2020

Øvde på krisekommunikasjon og mediehandtering

Nyleg var ei rekkje ordførarar, varaordførarar og rådmenn i Vestland samla til medietreningskurs med særleg merksemd på krisekommunikasjon.


Publisert 18.12.2019

Evakuering og befolkningsvarsling

Vi ønskjer å tydeleggjere krav og forventningar til kommunen når det gjeld evakuering og befolkningsvarsling. Difor har vi skrive eit notat om temaet og laga eit forslag til tiltakskort.


Publisert 10.12.2019

Sambandstrening

I førre veke trente vi saman med kommunane på å nytte Nødnett og satellittelefon.


Publisert 05.12.2019

Øving for samanslåingskommunane

Tysdag og onsdag øvde kriseleiinga i kommunane som slår seg saman frå nyttår.


Publisert 28.10.2019

Eigenberedskapsveka 2019

Dersom vatn og straum vart borte, har du det du treng for å klare deg sjølv i tre døgn? Denne veka har eigenberedskap særleg merksemd over heile landet.


Publisert 19.09.2019

Ny abonnementsløysing for naturfarevarsel

No inneheld abonnementsløysinga på varsom.no både varsel om flaum og skred frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og landbaserte varsel frå Meteorologisk institutt (MET). 


Publisert 31.07.2019

Telefonmøte om skredsituasjonen i Sunnfjord

Fylkesmannen og fleire sentrale aktørar har i dag diskutert skredsituasjonen i Sunnfjord, med særleg vekt på handteringa av samfunnsmessige konsekvensar og bortfall av kritisk infrastruktur.


Publisert 22.05.2019

Kommunar øvde på atomberedskap

Til saman 19 kommunar i Hordaland øvde nyleg på å handtere ei atomhending i kombinasjon med ekstremvêr. Til tross for tidspress og lite informasjon frå styresmakter, handterte kommunane hendinga på ein god måte.


Publisert 19.03.2019

Lærerik øvingsdag i Sogndal

Torsdag 14. mars vart det gjennomført ei øving om pågande, livstrugande vald (PLIVO) på campus i Sogndal. Øvinga var eit samarbeid mellom: fylkeskommunen i Sogn og Fjordane, nødetatane, Sogndal kommune, Sogndal vgs, Høgskulen på Vestlandet, Sogndal fotball og Fylkesmannen.


Publisert 22.01.2019

Sambandstrening med kommunane

I desember trena vi på å nytte Nødnett og satellittelefon med over 40 kommunar i Sogn og Fjordane og Hordaland. Tilbakemeldinga frå kommunane er at det er nyttig med korte og jamlege treningar. 


Fylkesberedskapssjef

Beredskapsvakt

Ved akutte spørsmål og meldingar utanom kontortid.
Obs! For kommunar og regionale aktørar, ikkje privatpersonar.

Vakttelefon: 916 99 098 (ikkje SMS)

E-post: sfvlberedskap@statsforvalteren.no