Lovbrotsgebyr for manglande ferdigattest kan ikkje rettast til ansvarleg søkjar

Kommunane har mange oppgåver i arbeidet med å følgje opp moglege brot på plan- og bygningslova. Fylkesmannen har i vedtak av 28.04.2020 oppheva eit lovbrotsgebyr som var retta til ansvarleg søkjar for manglande innsending av ferdigattest.

Etter byggesaksforskrifta (SAK10) §16-1 bokstav b har kommunen heimel til å gi lovbrotsgebyr til den som «bruker eller lar bruke tiltak uten at det foreligger (...) ferdigattest eller midlertidig brukstillatelse etter plan- og bygningsloven (…)».

Det følgjer av plan- og bygningslova (pbl.) § 23-4 tredje ledd at ansvarleg søkjar har ansvaret for at eit tiltak vert avslutta med innsending av naudsynte opplysningar til kommunen, slik at det kan bli gitt ferdigattest.

Etter Fylkesmannen si vurdering rettar ordlyden «bruker eller lar bruke» seg mot eigar som sjølv bruker bygget, eller som leiger det ut. Dette går også fram av rettleiinga til Direktoratet for byggkvalitet. Å ikkje sende inn naudsynte dokument, er ikkje det same som å «bruke eller la bruke», og rammar difor ikkje ansvaret til ansvarleg søkjar.

Kommunen kan derimot gi ansvarleg søkjar pålegg om ferdigstilling dersom arbeidet som står att ikkje er utført innan fristane som er sett. Det kan nyttast tvangsmulkt som middel for å gjennomføre pålegget jf. pbl. § 32-5.  Det er likevel ikkje heimel for å gi lovbrotsgebyr for manglande innsending av ferdigattest.

Dersom ein eigar sjølv nyttar eller leiger ut eit bygg før det er gitt ferdigattest kan kommunen gi lovbrotsgebyr til eigar. Dette gjeld likevel ikkje dersom det er gitt mellombels bruksløyve. Vi minner i denne samanhengen om at eit mellombels bruksløyve ikkje har tidsavgrensa varigheit, sjå uttale av 17.03.2017 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Fylkesmannen minner vidare om at den ansvarlege skal varslast om kva som kan kome av reaksjonar. Vedtaket om reaksjonen må og vere grunngjeve, og syne til kva som må gjerast og kva fristar som er sett. Det er og sett visse rammer for kor høgt lovbrotsgebyr (altså straff) som kan settast. Meir informasjon finn de i rettleiarane i menyen til høgre.