Kor lenge gjeld eit vedtak om dispensasjon i ei byggesak?

Fylkesmannen har handsama ei klagesak der det tidlegare var gitt dispensasjon for bygging i LNF-område. Problemstillinga var knytt til om dispensasjonen framleis var gyldig då kommunen fatta vedtak om å innvilge søknaden om byggeløyve, eit prinsipielt viktig spørsmål vi ønskjer å utdjupe.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.02.2020

Om den aktuelle klagesaka og lovgrunnlaget

Etter plan- og bygningslova (pbl) § 21-9 gjeld dispensasjonar i tre år. I denne saka var søknaden om byggeløyve sendt til kommunen innan treårsfristen, men løyvet vart gitt først etter treårsfristen var gått ut. Fylkesmannen måtte då ta stilling til kva som skal til for å avbryte fristen. Vi er kjent med at det er ulike tolkingar av spørsmålet, og at det har vore ulik praktisering av føresegna i kommunane. Vi finn difor grunn til å kome med ei avklaring om kva vi vurderer som ei fristavbrytande handling når det tidlegare er gitt dispensasjon.

Det går fram av pbl. § 21-9 første ledd at «[e]r tiltaket ikke satt i gang senest 3 år etter at tillatelse er gitt, faller tillatelsen bort. (...) Disse bestemmelser gjelder tilsvarende for dispensasjon.»

Tolking av regelen

Kommunal- og moderniseringsdepartement har i TUDEP-2011-2454 uttalt seg om tolkinga av regelen. Det er vist til Ot.prp.nr.45 (2007–2008) s. 325 der det går fram at § 21-9 er ei vidareføring av gamal lov § 96. Det har ikkje vært meininga å ende rettstilstanden på dette punktet. Departementet konkluderte med at det etter ny lov framleis vil vere innsending av søknad som vil bryte av treårsfristen for dispensasjon.

Departementet har halde fast på denne forståinga i sak TUDEP-2019-1277. Dei syner til saka frå 2011, og skriv :

«For søknadspliktige tiltak har departementet lagt til grunn at den fristavbrytende handlingen for en gitt dispensasjon er innsendelse av søknad om rammetillatelse eller søknad i ett-trinn.».

Fylkesmannen si vurdering av klagesaka, og av regel om treårsfrist for dispensasjon

På bakgrunn av dette har Fylkesmannen lagt til grunn at den rette forståinga er at det er innsendinga av søknaden som avbryt treårsfristen for dispensasjonar i pbl. § 21-9. I klagesaka har Fylkesmannen kome til at treårsfristen vart halden då søknaden om byggeløyve var send inn før fristen gjekk ut. Kommunen sitt vedtak om å innvilge byggesøknaden vart difor stadfesta, og klagen frå Statens vegvesen ikkje teke til følgje.

Vedtaket ligg ved denne artikkelen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.