Fylkesmannen opphevar vedtak om etablering av LAR-klinikk

Vedtak frå Bergen kommune om etablering av helseklinikk i Øvregaten har ikkje vist ei klar overvekt av fordelar ved å gi dispensasjon. Fylkesmannen har oppheva vedtaket. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.12.2019

Det er søkt om og gitt løyve til bruksendring og dispensasjon frå arealformålet i kommunedelplanen, bustad/næring, for etablering av ein LAR-klinikk i Øvregaten 37-39. Naboane til eigedomen har klaga på vedtaket. Fylkesmannen har handsama klaga og oppheva vedtaket frå kommunen.

Kommunen har ikkje i tilstrekkeleg grad vurdert relevante fordelar og ulemper ved å gi dispensasjon, og må derfor gjere denne vurderinga på nytt. Det skal etter lova vere er ein klar overvekt av fordelar ved å gi dispensasjon, i staden for å utarbeide eller revidere plan for området. Dispensasjonsvilkåra er rettslege vurderingstema, og ikkje eit kommunalt skjønn.

Fylkesmannen viser i avgjerda til at kommunen mellom anna bør vege det samfunnsnyttige føremålet med plassering av eit viktig offentleg helsetilbod opp mot hovudregelen om å gjennomføre ein open og demokratisk planprosess, der alle behov og interesser blir høyrde.

Vedtaket er ikkje tilstrekkeleg grunngjeve, og vi kan ikkje sjå bort frå at kommunens manglande grunngjeving kan ha verka bestemmande på resultatet i saka.

Saka er sendt attende til Bergen kommune for ny handsaming.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.