Fylkesmannen opphevar dispensasjonar til å byggje 153 bustadar på Askøy

Mange kommunar har planar som krev at skulene skal ha tilstrekkeleg kapasitet før det vert ført opp nye bustader. Fylkesmannen har i ei sak frå Askøy no avslått dispensasjonar frå dette kravet som ville føre til 153 nye bustader.

Ein reguleringsplan er vedteken av kommunestyret og skal vere bindande for kommunen sjølv. Utbyggjarane hadde søkt og likevel fått dispensasjon frå kommunen for totalt 153 bustader i området rundt Strusshamn. Kommunen meinte mellom anna at folketalet truleg ikkje ville auke, at bustadane ikkje ville bli brukte av barnefamiliar, og at det låg føre planar om å byggje ny skule.

To foreldreutval (FAU) klaga på vedtaka. Både kommunen og Fylkesmannen kom til at FAU-ane hadde klagerett.

Fylkesmannen kom til at vilkåra for dispensasjon ikkje var oppfylte, og tok klagane til følgje.

Fylkesmannen peikte mellom anna på at etter opplæringslova har born som hovudregel rett til å gå på den næraste skulen, som her var Strusshamn skule. Skulen har ikkje kapasitet nok, og utbygginga trong derfor dispensasjon frå kapasitetskravet.

Kommunen la til grunn at utbygginga ikkje ville medføre at det vart fleire born som trong skuleplass. Fylkesmannen vurderte dette som usikkert, i og med at bustadene som skulle byggjast kunne brukast av alle, òg barnefamiliar. Om bustadene vart bygde, ville det kunne komme barnefamiliar i dei noverande bustadene som vart tilgjengelege på marknaden, noko kommunen også har lagt til grunn i tidlegare saker. Planane om ny skule er førebels usikre og lite konkrete.

Omsyna bak kapasitetskravet ville dermed bli sett vesentleg til side gjennom utbygginga. Vilkåra for å dispensere frå kravet var såleis ikkje oppfylte. Søknadane vart difor gjorde om til avslag.  

Fylkesmannen hadde samstundes til handsaming krav om lovlegkontrollar av desse vedtaka. I og med at vedtaka vart gjorde om, fall grunnlaget for lovlegkontroll bort.