Nye nasjonale forventningar til planlegginga

Kvart fjerde år legg Regjeringa fram nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging for å fremje ei berekraftig utvikling. Det nye i forventningane er m.a. at FN sine 17 berekraftsmål skal leggjast til grunn for planlegginga.

Regjeringa legg vekt på at vi står framfor fire store utfordringar:

  • Å skape eit berekraftig velferdssamfunn
  • Å skape eit økologisk berekraftig samfunn gjennom m.a. ein offensiv klimapolitikk og ei forsvarleg ressursforvaltning
  • Å skape eit sosialt berekraftig samfunn
  • Å skape eit trygt samfunn for alle

Fylkeskommunen og kommunane har ei sentrale rolle når det gjeld å handtere desse utfordringane, m.a. i medhald av plan- og bygningslova. 

Dei nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging er forankra i plan- og bygningslova, og heilskapleg planlegging er eit viktig styringsverktøy for berekraftig samfunnsutvikling og arealbruk. 

FN sine 17 berekraftsmål skal m.a. sikre sosial rettferd og god helse, stoppe klimaendringane og tapet av naturmangfald.