Utgreiingskrav

Dei ulike utgreiingkrava i kap. fire i plan- og bygningslova og i naturmangfaldlova skal syte for at verknadene av arealplanar for ulike interesser og omsyn kjem tydeleg fram i planframlegget, og at dette inngår som ein del av avgjerdsgrunnlaget ved vedtak av planane.  

Utgreiingskrava omfattar planprogram, planomtale, konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse. Eit anna utgreiingskrav følgjer av naturmangfaldlova, som stiller krav til utgreiing/vurdering etter bestemte miljørettslege prinsipp for alle tiltak og bruk som kan virke inn på naturmangfaldet.

Planprogram

For alle regionale planar, kommuneplanar, og for reguleringsplanar som kan ha vesentlege verknader for miljø og samfunn, skal det som ledd i varsling av planoppstart utarbeidast eit planprogram som grunnlag for planarbeidet. Reguleringsplanar for tiltak i vedlegg II skal konsekvensutgreiast viss dei kan få vesentlege verknader etter § 10, men skal ikkje ha planprogram eller melding.

Planomtale ("planbeskrivelse")

Alle planar skal ved offentleg ettersyn ha ein planomtale ("planbeskrivelse") som m.a. skal gjere greie for planen sine verknader for ulike interesser og omsyn.

Konsekvensutgreiing

For nærare bestemte planar og tiltak (jf. KU-forskrifta §§ 6, 7 og 8) skal det utarbeidast konsekvensutgreiing som skal gjere greie for verknadene for miljø og samfunn. Konsekvensutgreiinga skal inngå som ein del av planomtalen.

Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse)

Kravet om ROS-analyse gjeld for alle planar for utbygging etter plan- og bygningslova. Viss planarbeidet kjem inn under KU-forskrifta, skal ROS-analysen inngå som ein del av konsekvensutgreiinga.

Naturmangfaldlova

Naturmangfoldlova omfattar all natur, og gjeld for alle sektorar som forvaltar naturmangfald eller fattar vedtak som har konsekvensar for naturmangfaldet.  For alle tiltak og bruk som kan virke inn på naturmangfaldet krev lova ei vurdering opp mot dei miljørettslege prinsippa, og at vurderingane skal gå fram av vedtaket i den einskilde saka.