Reguleringsplanar

Reguleringsplan er eit arealplankart med tilhøyrande føresegner som viser bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Reguleringsplan kan utarbeidast som områderegulering eller detaljregulering.

Før planoppstart

Når forslagsstillar er ein anna enn planstyresmakta/kommunen sjølv skal planspørsmålet leggjast fram for kommunen i eige møte, i eit såkalla oppstartmøte(jf. pbl. § 12-8).

I oppstartfasen skal det m.a. avklarast om planen vert omfatta av krav om planprogram og konsekvensutgreiing.

Oppstart av reguleringsplanarbeid

Ved oppstart av arbeid med reguleringsplan er det krav om varsling av offentlege organ og andre med interesse i saka.

Viss reguleringsplanen fell inn under § 3 i "Forskrift om konsekvensutredninger" (KU-forskrifta), men vert vurdert til ikkje å skulle konsekvensutgreiiast, skal dette gå fram av varsel og kunngjering om oppstart av planarbeidet. Dersom planarbeidet vert omfatta av KU-forskrifta skal forslag til planprogram sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn seinast samtidig med varsel om oppstart av planarbeidet. Les meir om konsekvensutgreiing.

Oppstartvarslet for reguleringsplanar skal også vurderast opp mot naturmangfaldlova. Det skal takast stilling til om kunnskaps­grunnlaget for naturmangfaldtema er godt nok til at ein kan vere rimeleg sikker på å unngå skade på naturmangfaldet, eller om det skal gjennomførast meir kartlegging av biologisk mangfald for å styrkja kunnskapsgrunnlaget (naturmangfald­lova § 8).

Viktig skriv - Fylkesmannen sine merknader til oppstart av reguleringsplanarbeid

Fylkesmannen har utarbeidd eit eige skriv, "Fylkesmannen sine merknader til oppstart av reguleringsplanarbeid". Skrivet inneheld merknader til ei rekkje tema og nokre utbyggingstiltak. Dei delene av merknadene som er aktuelle i ei gitt sak er å sjå på som våre merknader og tilrådingar som kommunen skal leggje til grunn for si sakshandsaming. Målet med dette skrivet er at Fylkesmannen ønskjer å svare meir konkret og kortfatta ved oppstart av reguleringsplanar, og at vi i fråsegna viser til skrivet "Fylkesmannen sine merknader til oppstart av reguleringsplanarbeid" for meir utfyllande merknader. Skrivet ligg som vedlagt dokument i høgremargen.  

Offentleg ettersyn

Reguleringsplanar for utbygging skal som hovudprinsipp vere avklara i arealdelen til kommuneplanen. Utbygging i strid med overordna plan kan ofte vere konfliktfylt. Terskelen for at Fylkesmannen kan bruke motsegn er generelt lågare for reguleringsplanar som er i strid med arealdelen til kommuneplanen samanlikna med reguleringsplanar som er i samsvar med den overordna planen. Vi vil alltid måtte vurdere motsegn mot planar som er i strid med nasjonale eller viktige regionale interesser innafor Fylkesmannen sine ansvarsområde.

Fylkesmannen vil trekkje fram følgjande tema/område som særleg viktige, og som det må takast spesielt omsyn til i planlegginga:
Strandsona, naturmangfald, inngrepsfrie (urørte) naturområde, landskap, vassdrag, fjellområda, barn og unge, klima, jordvern og samfunns­trykkleik/­beredskap.

Vi vil framheve følgjande lovkrav til reguleringsplanar:

  • Alle planar skal innehalde ei planskildring (planomtale) når dei vert lagde ut til offentleg ettersyn (§ 4-2).
  • Det er krav om risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for alle planar som gjeld utbygging (§ 4-3).
  • Arealplanar skal framstillast i samsvar med kart- og planforskrifta. Det er utarbeida nye teiknereglar for arealplankart.