Planstrategi

Kommunal planstrategi er ikkje ein plantype, men eit hjelpemiddel for kommunen til å fastleggje det vidare planarbeidet.  

Plikt til å utarbeide planstrategi

Kommunen har etter PBL § 10-1 plikt til å utarbeide ein kommunal planstrategi minst ein gong i kvar valperiode. Planstrategien må vedtakast seinast innan eitt år etter at kommunestyret er konstituert. Det er viktig at dette arbeidet startar tidleg etter kommunevalet. Planstrategien vil vere eit nyttig verkty for kommunestyret når kommunen skal vurdere og ta stilling til kva planoppgåver som er viktige å arbeide med i kommunestyreperioden.

Kva bør ein planstrategi innehalde?

Kommunal planstrategi er ikkje ein plantype, men eit hjelpemiddel for kommunen til å fastleggje det vidare planarbeidet. Kommunal planstrategi skal omfatte kommunen sine  strategiske val knytte til lokal samfunnsutvikling. Det gjeld både langsiktig arealbruk, miljøutfordringar, sektorene si verksemd og ei vurdering av kommunen sitt samla planbehov i valperioden.

Strategien bør innehalde:

  • skildring av utviklingstrekk og utfordringar knytta til samfunnsutvikling og miljø
  • retningslinjer for langsiktig arealbruk
  • vurdering av sektorane sitt planbehov, vurdering av prioriterte planoppgåver og

Behovet for revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel
Planstrategien skal ikkje vere meir omfattende enn naudsynt  for å ta stilling til kva for  planoppgåver som bør prioriterast, t.d. om gjeldande kommuneplan framleis skal gjelde utan endringar, eller om den skal reviderast heilt eller delvis.

Krav til medverknad og høyring

I arbeidet med planstrategien skal kommunen innhente synspunkt frå statlege og regionale organ og nabokommunar. Kommunen bør også leggje opp til brei medverknad og allmenn debatt.

Lova set krav om at forslag til vedtak skal gjerast offentleg minst 30 dagar før handsaminga i kommunestyret.  

Rettsleg status

Planstrategien er ikkje formelt bindande. Dersom kommunen ønskjer å avlyse eller utsette ei større planoppgåve som inngår i planstrategien, bør dette skje gjennom endring av planstrategien der dei ordinære prosessreglane vert følgde. Kommunen kan når som helst setje i gong nytt planarbeid ut over planstrategien. Avklaring av planbehovet vil då skje gjennom den ordinære planprosessen.