Planprosessen

Grunnlaget for gode planprosessar vert lagt allereie i starten, og eit godt råd er å investere tid og ressursar i ein tidleg fase av planarbeidet. Dette kan ofte lønne seg ved at planprosessen går raskare og at plankvaliteten vert betre.

Innafor plansystemet skal kommunen drive både heilskapleg, langsiktig planlegging på oversiktsnivå gjennom kommuneplanar og kommunedelplanar, og detaljert planlegging gjennom reguleringsplanar.

Plan- og bygningslova byggjer på prinsippa om lokal folkevalgt styring, og medverknad frå befolkninga og aktuelle fagorgan. Organiseringa av planarbeidet er kommunen sitt ansvar, og  det er gitt føringar m.a. gjennom formelle krav til offentleg høyring av planar. Krava har som mål å sikre ein demokratisk prosess i dialog med private lokale interesser og med statlege og fylkeskommunale organ.