Kommuneplanar

Kommuneplanen skal ivareta kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver. Retningsliner og pålegg frå statlege og regionale styresmaktar skal leggjast til grunn. Kommunen skal ha ein samla kommuneplan som omfattar ein samfunnsdel og ein arealdel.

Som grunnlag for kommuneplanlegginga skal det utarbeidast ein kommunal planstrategiminst ein gong i kvar valperiode og seinast innan eitt år etter konstituering av kommunestyret. Les meir om kommunal planstrategi.

Det skal utarbeidast planprogram som ledd i varsling av planoppstart for kommuneplanar. Planprogrammet skal m.a. gjere greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen, utgreiingstema, opplegg for medverknad, kva for alternativ som skal vurderast. Konsekvensutgreiing skal inngå som del av planprosessen. Les meir om konsekvensutgreiing. 

Planprogrammet må også kommentere kunnskapsgrunnlaget for relevant naturmangfaldtema og vurdere om det er behov for meir kunnskap for å få saka tilstrekkeleg opplyst (naturmangfaldlovas § 8 og forvaltingslovas § 17).