Godkjenner detaljreguleringsplanen for Videfossen utkikspunkt

Statens vegvesen får byggje parkeringsplass ved Videfossen utkikspunkt i Stryn etter at Kommunal-  og moderniseringsdepartementet har godkjent detaljreguleringsplanen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.07.2020

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har ikkje funne grunnlag for å ta motsegna frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til følgje, og har godkjent Stryn kommune sin detaljreguleringsplan for Videfossen utkikspunkt. Statens vegvesen får dermed byggje parkeringsplass med visse krav – som at den kan brukast på faste datoar med ein bom som sikrar dette, at tryggleik er avklara og at naturfare er utgreia.

NVE fremja motsegn grunna fare for snøskred

Detaljreguleringsplanen for Videfossen utkikspunkt legg til rette for etablering av parkeringsplass med om lag 30 plassar, og eit lite utkikspunkt på Gamle Strynefjellsvegen, som er nasjonal turistveg. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fremja motsegn i brev 3. januar 2017 grunna fare for snøskred. NVE meiner at det ikkje er samsvar mellom tiltaket som planen opnar for, og kva som er mogleg å byggje innanfor krava til tryggleik mot skred i byggteknisk forskrift (TEK17) § 7-3. NVE meiner at dei organisatoriske sikringstiltaka, gitt som føresegner til planen, der ein må ta stilling til når tryggleiken er god nok på våren, er i strid med krava i TEK17 § 7-3 andre ledd. Stryn kommunestyre vedtok planen 19. juni 2018 utan å ta omsyn til motsegna.

Saka sendt til departementet

Meklingsmøte vart halde 4. oktober 2018, utan at partane kom til semje. Under meklinga kom det fram at kommunen kunne vurdere å leggje inn ei særskild skredfarevurdering som sikringstiltak for parkeringsplassen og utkikspunktet kvar vår, uavhengig av vurderinga som gjeld opning av vegen. Dette kunne i så fall innebere at vegen vart opna, men at parkeringsplassen og utkikspunktet vart opna på eit seinare tidspunkt. NVE meinte framleis at dette ville vere eit organisatorisk sikringstiltak som ikkje er i tråd med TEK 17 § 7-3 andre ledd, og såleis ikkje gav grunn til å trekke motsegna. Saka vart derfor sendt over til departementet av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (no Vestland) den 8. november 2018 på grunn av den uløyste motsegna frå NVE. Kommunal- og moderniseringsdepartementet avgjer etter plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd om motsegna skal takast til følgje.

Godkjenner reguleringsplanen med visse krav

Møte og synfaring blei gjennomført 24. mai 2019, med representantar frå Stryn kommune, Fylkesmannen i Vestland, Olje- og energidepartementet, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Statens vegvesen ved turistvegseksjonen og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Olje- og energidepartementet har også gitt ei tilråding i saka. KMD vurderer at ved å vedta ei føresegn om faste datoar for når parkeringsplassen kan vere i bruk, og ved at det blir bygd ein bom som sikrar at parkeringa berre kan takast i bruk innanfor denne perioden, så vil tryggleiken for dei reisande vere ivareteken med tanke på snøskredfare. Departementet har difor kome fram til at krava i teknisk forskrift kan fråvikast, og at parkeringsplassen kan godkjennast. Departementet understrekar at bruk av faste datoar for når parkeringa kan vere open, berre er ei løysing i heilt særskilte tilfelle, som i denne saka.

Då faren for steinskred og lausmasseskred, samt snøskred frå sør, ikkje var utgreidd som ein del av reguleringsplanen, vedtok departementet i tillegg eit rekkefølgjekrav om at all naturfare skal vere utgreidd, og krav til tryggleik skal vere avklara før det kan bli gitt byggeløyve i saka. Årsaka til at Stryn kommune ikkje har gjort ei utgreiing av naturfare frå sør tidlegare, var at kommunen først ønska ei avklaring av om det var mogleg å få godkjend reguleringsplanen i høve til snøskredfaren, før dei gjekk vidare med fleire utgreiingar.

Les heile vedtaket og brevet frå KMD til Fylkesmannen her. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.