Plan og bygg

Eide i Sogndal. Foto: Plan/Fylkesmannen i Vestland
Eide i Sogndal. Foto: Plan/Fylkesmannen i Vestland

Planlegging og arealforvaltning er ein føresetnad for god samfunnsutvikling. Regjeringa og Stortinget fastset dei nasjonale måla, og kommunar og fylkeskommunen har ansvaret for planlegginga på kommune- og fylkesnivå. 

Etter plan- og bygningslova skal kommunane samordne den fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklinga på sine område gjennom samanhengande kommuneplanlegging. Fylkeskommunen skal gjennom si planlegging samordne verksemda til staten, fylkeskommunen og kommunen i fylket.

Fylkesmannen har to sentrale oppgåver i arealforvaltninga:

  • Som fagstyresmakt innan landbruk, miljøvern, helse og samfunnstryggleik skal Fylkesmannen sørgje for at nasjonale interesser blir sikra.
  • Fylkesmannen skal sikre at kommunale vedtak i plan- og byggjesaker er i samsvar med gjeldande lovverk. 

Vis meir


28.06.2019

Planstatus i nye Vestland

Fylkesmannen har laga to kart over nye Vestland som viser at det er stor variasjon mellom kommunane i kor tid dei sist reviderte samfunnsdelen og arealdelen til kommuneplanen.          

29.05.2019

Nye nasjonale forventningar til planlegginga

Kvart fjerde år legg Regjeringa fram nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging for å fremje ei berekraftig utvikling. Det nye i forventningane er m.a. at FN sine 17 berekraftsmål skal leggjast til grunn for planlegginga.

29.05.2019

Viktig informasjon om handsaming av plansaker

Fylkesmannen i Vestland har sendt ut eit brev med viktig informasjon om handsaming av plan- og dispensasjonssaker til alle kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane, og til statlege etatar.

05.02.2019

Berekraftig frukost - Skogen sin funksjon i bratt terreng

Skogen har ein viktig funksjon for vern mot naturskadar og ras i bratt terreng. Eit mildare klima og mindre beiting gir oss meir skog og vegetasjon langt opp i fjellsidene. Dette er godt nytt for samfunnet.

21.01.2019

Fylkesatlas for Vestland frå 2019

Fylkesatlas vert kartløysinga for Fylkesmannen i Vestland og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Kartet syner difor begge fylka, men merk at ikkje alle tema dekker begge fylka. 

16.01.2019

Departementet støttar oppheving av løyve til kjøpesenter på Haukås

Kommunal- og moderniseringsdepartementet opprettheld vedtaket til Fylkesmannen om å oppheve Bergen kommune sitt løyve til kjøpesenter på Haukås.

Fleire nyhende Få nyheitsvarsel