Vil Hardangervidda nasjonalpark få ny forvaltingsmodell?

Frå Bakkatjørna i Nore og Uvdal kommune, i Hardangervidda nasjonalpark.
Frå Bakkatjørna i Nore og Uvdal kommune, i Hardangervidda nasjonalpark. (Foto: Stein Byrkjeland)

Fram til 2010 var Hardangervidda den nasjonalparken i Noreg som hadde mest innslag av lokal forvalting. Sidan har det vore den nasjonalparken som har minst.

Årsaka er at fleire av kommunane kring vidda den gongen meinte at forvaltingsmodellen som alle andre nasjonalparkar no har gått inn i ikkje var eigna på Hardangervidda. Med unnatak av Hardangervidda vert alle norske nasjonalparkar forvalta av eit eige nasjonalparkstyre, der vertskommunane og fylkeskommunane er representert. Dei har fast tilsette nasjonalparkforvaltarar som sekretærar. Staten tek kostnadane ved denne ordninga.

Hardangervidda nasjonalpark har ikkje eit slikt nasjonalparkstyre, og dermed heller ikkje eigne nasjonalparkforvaltarar. Nasjonalparken vert i staden forvalta av tre fylkesvise tilsynsutval og dei tre involverte fylkesmennene i Vestland, Oslo og Viken, og Vestfold og Telemark. Det gjer forvaltinga meir fragmentert og mindre koordinert. Rapporten viser og at ressurstilgangen i forvaltinga er eit viktig tema.

Dei involverte fylkesmennene har sidan 2015 hatt eit oppdrag frå Ordførarutvalet for Hardangervidda om å evaluere dagens forvaltingsordning. I 2018 hadde dei også eit oppdrag frå Miljødirektoratet om å førebu ein dialog med vertskommunane om det no kunne vere aktuelt også for denne nasjonalparken å etablere den standard forvaltingsmodellen som gjeld for alle andre nasjonalparkar og andre større verneområde. Ordførarutvalet fekk ein rapport som svarar på desse to oppdraga på eit møte på Skinnarbu 10. januar 2019. Fylkesmennene tilrår i rapporten at standard forvaltningsmodell vert innført på Hardangervidda. Rapporten finn du her.

Dersom standard forvaltingsmodell vert innført vert tilsynsutvala nedlagt, og dei tre fylkesmennene trer ut av forvaltinga. Like fullt meiner fylkesmennene at Hardangervidda er best tent med ei slik ordning. Rapporten viser til positive og gode røynsler frå andre nasjonalparkar og verneområde. Det har ført til at nasjonalparkane der har fått auka status i lokalsamfunna. Føresetnaden er at ressurstilgangen vert auka vesentleg.

Rapporten er ikkje eit dokument som skal til høyring. Han er meint som eit grunnlag for ein debatt som dei ni vertskommunane må ta dersom forvaltingsmodellen skal endrast. Det er kommunane som må ta stilling til dette spørsmålet, for å sjå om grunnlaget i dag er annleis enn det var i 2010 då dei sist vurderte dette.

Det vert planlagt eit seminar på Skinnarbu i mai/juni om erfaringar frå nasjonalparkforvaltinga og kva arbeidsoppgåver ein i dag må løyse på ein god og effektiv måte.