Tilrår nye grenser for Flostranda naturreservat

Fylkesmannen tilrår Miljødirektoratet å redusere Flostranda naturreservat i vest, og utvide i aust. Tilrådinga kjem som ei følgje av bygging av ny tunnel på fylkesveg 722 til Flo.

For å byggje ny og rassikker tunnel frå Veslebygda til Flo etter dei godkjende planane må eit areal på om lag 10 dekar takast ut av naturreservatet ved tunnelinnslaget i vest. Som kompensasjon for dette har grunneigarane i Flo tilbode erstatningsareal på om lag 35,5 da i aust, på nedsida av den gamle vegen som vert nytta i dag. Utviding og reduksjon av naturreservatet har vore på høyring.

Frå Flostranda naturreservat. Foto Tom Dybwad

Frå Flostranda naturreservat. Foto Tom Dybwad