Marint vern: Høyringsframlegg for Stad og Dalsfjorden er sendt til godkjenning

Fylkesmannen i Vestland vart ferdig i august/september 2020 med høyringsframlegga for dei to marine verneområda Stad og Dalsfjorden. Dei to tilrådingane ligg no til fagleg gjennomgang og godkjenning i Miljødirektoratet. Mest truleg blir det høyring i løpet av seinhausten 2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.09.2020

Oppdrag på marint vern

Fylkesmannen i Vestland fekk i 2017 oppdrag om å utarbeide framlegg til marine verneområde kring Stad i Stad kommune og i Dalsfjorden i kommunane Askvoll, Sunnfjord og Fjaler. Disse to områda har eit unikt naturmangfald og Stortinget ønskjer å ta vare på disse for kommande generasjonar. Arbeidet er vurdert etter § 42 i naturmangfaldlova og kapittel VIII i forvaltningslova. 

Brei involvering sidan 2017

Etter oppstarten i 2017 har det vore mange synfaringar og møte med kommunar, grunneigarar, næringsaktørar og andre involverte i dei enkelte områda. På grunnlag av opplysningar om verneverdiar, innkomne merknadar og drøftingar med både lokale og sentrale aktørar har vi utarbeida eit framlegg til vern. Framlegget inkluderer eit kart med avgrensing av det enkelte området og ei verneforskrift.

Utsyn mot Stålet, Stad marine verneområde. Foto: Maria Knagenhjelm, Fylkesmannen i Vestland.

Fagleg gjennomgang i Miljødirektoratet

Før framlegget blir sendt ut på høyring, skal Miljødirektoratet ha det til fagleg gjennomgang og godkjenning. I august vart høyringsframlegget for Dalsfjorden marine verneområde og i september vart høyringsframlegget for Stad marine verneområde oversendt direktoratet. Du kan lese framlegga til høgre i nettartikkelen. 

Høyring i løpet av hausten 2020

Framlegga frå Fylkesmannen vart sendt som kopi til dei involverte kommunane og til fylkeskommunen. Når direktoratet har godkjent framlegget vert det sendt ut på høyring. Då vil vi høyre di meining. 

Vi vil halde møte, anten digitalt eller fysisk, i høyringsfasen. Høyringsperioden blir 2-3 månader og det aktuelle tidsrommet blir fastsett i løpet av hausten når arbeidet skrid fram. Høyringa blir kunngjort i lokalaviser på staden, på heimesida til Fylkesmannen og til alle som var involverte i oppstartsfasen. 

Honningsvågen, Stad. Sjå kart for framlegg til avgrensing av verneområde. Foto: Maria Knagenhjelm, Fylkesmannen i Vestland. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.