Lurefjorden og Lindåsosane er nytt marint verneområde

I dag vedtok Kongen i statsråd at Lurefjorden med Lindåsosane er det første marine verneområdet i Vestland fylke. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.06.2020

Lurefjorden og Lindåsosane er eit spesielt fjordsystem. Faktisk så spesielt at det ikkje finst ein fjord som liknar i heile verda. Difor har forskarar gjort mykje godt arbeid her gjennom fleire tiår, så vi veit ein god del om økologiske og hydrografiske tilhøve i fjorden.

Lurefjorden er overraskande djup — ned til 440 meter på det meste. All utskifting av vatn i fjorden skjer over tre grunne tersklar, der gjennomstrøyminga i stor grad er styrt av tidevatnet. Hadde vassutskiftinga i fjorden vore total, ville det tatt 193 dagar å skifte ut alt vatnet. Sidan det ikkje er tilfelle, tar vassutskiftinga i Lurefjorden mykje lengre tid. Dette har mykje å seie for vasskvaliteten, noko som gjer fjorden særs sårbar for forureining. Difor er det ikkje akvakulturverksemd her, med unntak av eit setjefiskanlegg ved Nesfossen.

Unik førekomst av kronemaneten Periphylla

Dette fjordsystemet har ikkje spesielt stort mangfald av artar, men det vert kompensert med eit sterkt økologisk særpreg. Den lokale sildestamma i Lindåsosane er velkjend og særeigen. Mest kjent er likevel Lurefjorden for førekomsten av kronemaneten Periphylla periphylla. Dette er i utgangspunktet ein djupvassart som har vid utbreiing i verda. Den fann først fram til Lurefjorden på 1970-talet. Sidan har bestanden vakse sterkt, og i dag reknar vi med at det finst 50–60 000 tonn av arten her. Dette gjer arten svært dominerande i fjorden.

Lite lys og lite varme

Årsaka til denne utviklinga er interessant. På 200 meter djupn er nemleg Lurefjorden 10 000 gongar mørkare enn andre fjordar på våre kantar. Mørkare blir det for kvart år som går, noko som kan sjåast i samanheng med klimaendringa. Lystilhøva her kan såleis minne om situasjonen på langt større djupne i dei store verdshava. Dei fleste fiskeslag finn ikkje fram til maten når det er så mørkt, men lysmangelen skapar ingen slike problem for kronemaneten. Denne arten er faktisk sjølvlysande.

Eit vern for framtida

Det marine vernet vil i liten grad påverke aktivitetane til folk kring fjorden. Det er dyrelivet på havbotnen som er det primære verneføremålet når vi vernar marine område i Noreg. Det vert forbode å nytte taretrål og annan botntrål, og opptak av skjelsand er heller ikkje lov. Dette er aktivitetar og reiskap som uansett ikkje er aktuelle i Lurefjorden i dag. Kommunane Lindås, Radøy og Austrheim var under høyringa i 2016 positive til verneframlegget. No får Alver og Austrheim kommune ein attraksjon dei kan vere stolte av. Det marine verneområdet vert omslutta av Nordhordland UNESCO Biosfære, som vart oppretta i juli 2019. Det er UNESCO som utnemner biosfæreområde, og dette er så langt det einaste i Noreg.

Parallelt med prosessen i Lurefjorden har Fylkesmannen òg arbeidd med verneframlegg for Korsfjorden og Ytre Hardangerfjord. Desse områda er enno ikkje ferdig handsama. Verneframlegg for to andre område i Vestland — Dalsfjorden og eit kystavsnitt ved Stad — vert sendt på høyring i løpet av året.

Med tida kan vi såleis få inntil fem marine verneområde i Vestland fylke. Lurefjorden og Lindåsosane er først ute.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.