Freda tre i Vestland

Fram til 1970-talet vart enkelte store eller spesielle tre i Noreg freda ved lov. Mange av desse står framleis. Under finn du litt om bakgrunnen for fredinga av enkelttre, og ei liste over alle freda tre i Vestland, med ei lenkje til ein omtale av treet i Naturbase.

Freda eik på Nes i Kvam

Freda eik på Nes i Kvam

Bakgrunn

I perioden 1920-54 vart det freda ei rekkje enkelttre eller grupper av tre i Noreg, med heimel i "Lov om naturfredning av 25. juli 1910". Trea vart verna som såkalla «naturminne». Vernet hadde både eit naturvitskapleg og kulturelt formål, og freda førekomstar skulle vere naturdokument eller ha ei spesiell kulturhistorie. Nokre tre er òg verna etter 1954, med heimel i "lov om naturvern av 1954", og nokre få tre er verna med heimel i "lov om naturvern av 1970".

I tillegg til spesielle tre, er òg nokre spesielle geologiske førekomstar verna som naturminne. Berre to slike finst i Vestland – Grytting naturminne i Stad og Fjøsanger naturminne i Bergen. Rundeholmen i Opsangervatnet ved Husnes i Kvinnherad er verna som naturminne på grunn av kulturhistorie.

I dag er naturvernlova avløyst av naturmangfaldlova, og det er ikkje lenger praksis å frede enkeltobjekt på denne måten. Dei gamle vernevedtaka gjeld likevel framleis.

Hole eiker

Eiketre over ein viss storleik har status som utvald naturtype etter naturmangfaldlova. Slike tre er ikkje freda, men kan likevel ikkje fellast utan vidare. Dette finn du meir om på nettsida hule-eiker.no.

Mange freda tre i Vestland

Vestland er det fylket i landet som har flest freda tre. Talet på slike fredingar i Hordaland var oppe i 53, men er no 32. Tilsvarande tal for Sogn og Fjordane er høvesvis 29 og 9. Fråfallet skuldast stort sett alder og vindfelling. Heller ikkje gamle tre varar evig, men mange er biologisk viktige lenge etter at dei er døde.

Faktaark for freda tre i Vestland

Faktaarka er òg tilgjengeleg på miljøstatuskartet.

Alver, Eidsnes indre: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002186

Alver, Spjeldnes: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002153

Aurland, Hatle - Styve: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002154

Bjørnafjorden, Holdhus: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002146

Bjørnafjorden, Lien, hassel: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002149

Bjørnafjorden, Ytre Haugland: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002148

Bjørnafjorden, Øvredal: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002150

Bergen, Rieber Mohnsvei: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002125

Bergen, Nyhaugen: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002182

Bergen, Tveiterås: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002183

Bergen, Nylundsveien: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002185

Bremanger, Førde: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002073

Eidfjord, Erdal: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002092

Etne, Kambe: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002126

Fitjar, Gloppen: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002128

Gloppen, Andenes: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002082

Høyanger, Måren: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002077

Kvam, Tveit indre: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002143

Kvam, Sandven: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002065

Kvam, Berge: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002178

Kvam, Nes: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002145

Kvam, Solbakken: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002144

Kvinnherad: Tveit ytre: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002134

Kvinnherad, Støen: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002130

Kvinnherad, Halsnøy kloster: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002131

Kvinnherad, Rød: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002132

Kvinnherad, Skarpsbråtet: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002133

Modalen, Otterstad: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002152

Osterøy, Hekland: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002066

Samnanger, Ådland: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002147

Stryn, Hatleim: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002083

Ullensvang, Lote: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002135

Ullensvang, Velure: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002017

Ullensvang, Djønno ytre: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002136

Vaksdal, Dalseide: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002151

Vik, Nese: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002078

Vik, Vangsnes: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002079

Voss, Istad: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002139

Voss, Lid: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002187

Årdal, Eldegard: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002081

Årdal, Vettesmork gård: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002158

Andre naturminne

Bergen, Fjøsanger: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00000657

Kvinnherad, Rundeholmen: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00000348

Stad, Grytting: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00000856