Verneområde

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Fylkesmannen er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Fylkesmannen som behandlar søknaden.

Vis meir


07.06.2019

Marint vern i Dalsfjorden – rapportar

Gjennom arbeidet med marint vern i Dalsfjorden har Rådgivende Biologer gjort nye undersøkingar som har gjeve ny kunnskap. Rapportane frå undersøkingane ligg føre no.

07.06.2019

Marint vern kring Stad - rapportar

Gjennom arbeidet med marint vern kring Stad har Rådgivende Biologer gjort nye undersøkingar som har gjeve ny kunnskap. Rapportane frå undersøkingane ligg føre no.

12.04.2019

Høyring av frivillig skogvern av tre område i Sogn og Fjordane

Etter ønskje frå grunneigarane sender Fylkesmannen på høyring framlegg om å opprette naturreservat gjennom ordninga med frivillig skogvern i tre område i kommunane Bremanger og Høyanger. Frist for å kome med fråsegn er 10. juni 2019.

29.03.2019

Høyring av frivillig skogvern av fem område i Hordaland

Etter ønskje frå grunneigarane sender vi ut på høyring verneforslag på fem område for frivillig skogvern i Hordaland. Frist for uttale er 5. juni 2019.

14.03.2019

Oppstart av arbeid med frivillig skogvern i fire område i Sogn og Fjordane

Etter ønskje frå grunneigarane melder Fylkesmannen formell start av arbeid med frivillig skogvern i Bremanger, Flora og Gulen. Frist for å kome med innspel er 3. april 2019.

21.02.2019

Oppstart av frivillig skogvern i tre område i Hordaland

Etter ønskje frå grunneigarane melder vi formell start av arbeid med frivillig skogvern i Fusa, Kvinnherad og Meland. Frist for innspel er 13. mars 2019.

18.02.2019

Tilrår oppretting av Kvist naturreservat

Fylkesmannen tilrår oppretting av Kvist naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern.

15.02.2019

Tilrår nye grenser for Flostranda naturreservat

Fylkesmannen tilrår Miljødirektoratet å redusere Flostranda naturreservat i vest, og utvide i aust. Tilrådinga kjem som ei følgje av bygging av ny tunnel på fylkesveg 722 til Flo.

01.02.2019

Har identifisert verneverdig Vestlandsnatur

Fylkesmannen i Vestland har identifisert 99 område av spesielt stor verneverdi med tanke på seinare supplerande vern av natur i Hordaland og Sogn og Fjordane.

23.01.2019

Vil Hardangervidda nasjonalpark få ny forvaltingsmodell?

Fram til 2010 var Hardangervidda den nasjonalparken i Noreg som hadde mest innslag av lokal forvalting. Sidan har det vore den nasjonalparken som har minst.