Naturvenleg erosjonssikring

Vassdragsnære område kan sikrast mot flaumskade utan å skade fisken i elva, om nokre prinsipp vert lagt til grunn i planlegginga.

Notat om naturvenleg erosjonssikring

Erosjonssikring av elvar for å hindre skade på bygningar, vegar og dyrka mark har ofte redusert livsgrunnlaget for fisk og andre vasstilknytte artar. Eit rettleiingsnotat viser korleis sikringstiltak i flaumutsette elvar kan gjennomførast med små konsekvensar for naturmiljøet.

Førebyggje flaumskade

Eit naturleg breitt elveløp som gir elva plass vil både førebyggje flaumskade og sikre leveareal for fisk, som treng skjul og næring. Vassdekt elvebotn med variert steinstorleik og holrom mellom steinane, og rik kantvegetasjon, gir gode leveområde for fisk. For å unngå å skade rogn/yngel i grusen, bør graving i elvebotn eller elvekant skje sommar/haust.

God fiskeproduksjon gjev igjen grunnlag for fiske og lokal verdiskaping.

Elvar er viktige landskapselement, og eit mest mogleg naturleg og variert preg på elveløpet vil ha verdi for friluftsliv og turisme.

Tips om meir naturvenleg erosjonssikring

  • Tilbaketrekt forbygging som gir elva plass
  • Ru forbygging med holrom, i staden for glatt plastring
  • Steinutlegging i elveløpet og etablering av djupål
  • Elvekant med eit vegetasjonsbelte
  • Mest mogleg naturleg preg på elveløp og elvekant
  • Arbeid i elva når det ikkje ligg rogn/yngel i grusen (sommar/haust)

Døme på dårleg (raud) og god (grøn) erosjonssikring. Uni Research Miljø LFI notat 3-2017.

Døme på dårleg (raud) og god (grøn) erosjonssikring. Uni Research Miljø LFI notat 3-2017.

Vår rolle

Fylkesmannen skal vurdere om tiltak i vassdrag kan påverke viktig naturmiljø eller friluftsinteresser. Om inngrepet kan få konsekvensar for laks eller sjøaure, skal vi handsame søknaden etter forskrift om fysiske tiltak i vassdrag. Fylkesmannen er òg mynde etter forureiningslova, vi har vidare sektoransvar innan beredskap og landbruk.

Om strekninga ikkje er lakse- og sjøaureførande, er det fylkeskommunen som skal vurdere søknaden etter forskrift om fysiske tiltak i vassdrag. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) er vassdragsmynde og skal avklare tiltak i vassdrag etter vassressurslova. Søknader som vert handsama etter vassressurslova treng ikkje løyve etter forskrift om fysiske tiltak i vassdrag.

Søknader om tiltak i vassdrag skal rettast til kommunen, som vil sende saka på høyring til NVE, Fylkesmannen og eventuelt fylkeskommunen.