Energisaker i Vestland i 2019

Fylkesmannen handsama totalt 115 energisaker i 2019, fordelt på vasskraft, nettanlegg og vindkraft.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.03.2020

Fylkesmannen er høyringspart i saker som gjeld utbygging og vedlikehald av vasskraftanlegg, kraftlinjer og vindkraftverk. Ei viktig oppgåve for oss er å vurdere konsekvensar for viktig naturmljø og friluftsinteresser. I tillegg er vi forureiningsmynde, og har sektoransvar innan mellom anna beredskap og landbruk.

Fordeling av energisaker som Fylkesmannen jobba med i 2019:

Sakstype Vasskraft Nett Vind Sum
Konsesjonssøknadar/planendring 12 8 1 21
Detaljplanar/MTA-planar 15 4 3 22
Andre søknadar/planar 12 60 0 72
Totalt 39 72 4 115

Vasskraft

Etter nokre år med mange småkraftsaker på høyring, har talet på nye utbyggingsprosjekt gått ned. Dei fleste konsesjonssøknadene i 2019 gjaldt små utbyggingar, eller planendringar for eksisterande konsesjonar. Vi rådde frå eller meinte at kunnskapsgrunnlaget var for dårleg for 5 av 12 søknader. Detaljplanar for miljø og landskap gjaldt anten nye kraftprosjekt eller rehabilitering av eksisterande anlegg. Som det ligg i namnet, er det snakk om detaljutforming innafor rammer/føringar lagt i konsesjonane. 

Nettanlegg

Konsesjonssøknadene og detaljplanane (oftast miljø-, transport- og anleggsplanar, òg kalla MTA-planar) omfatta både store kraftlinjer over fleire kommunar, planendringar for delstrekningar og nye transformatorstasjonar. Våre viktigaste innspel gjaldt plassering av master og skogrydding i verneområde eller viktige naturtypar, og omsyn til truga artar som hubro.

Det høge talet andre typar saker/planar gjaldt tiltak innafor gjeldande områdekonsesjonar. Nokre få av desse sakene gjaldt òg nye kraftlinjer som påverkar sårbar natur. Fleirtalet av tiltaka gjaldt nettstasjonar, kabelanlegg og kraftlinjer knytt til eksisterande inngrep, og var i hovudsak lite i konflikt med viktig naturmiljø.

Rydding av kraftgater i gamle og biologisk verdifulle skogområde er i mange tilfelle ikkje naudsynt, men blir likevel gjennomført. Eit døme er gamal furuskog, der det er lett å sjå på trea at dei har avslutta høgdeveksten. Det er vanleg prosedyre å felle trea, sjølv der dei ikkje når opp i farleg avstand til kraftlinjene og aldri vil kunne gjere det. Store miljøverdiar går dermed tapt til ingen nytte. I fjor gjekk vi i lag med eit nettselskap opp linjetraseen gjennom eit komande skogvernområde. I fellesskap kom vi fram til ein ryddeprosedyre som skånar område med høg naturverdi.

Vindkraft

Det var ingen nye konsesjonssøknader for vindkraftverk på høyring, med unntak av ei mindre planendring for Lutelandet vindkraftverk. Dei andre vindkraftsakene gjaldt MTA-/detaljplan for Okla vindkraftverk og Bremanger vindkraftverk og nemnde Lutelandet vindkraftverk.

For dei to vindkraftverka i Bremanger og på Lutelandet meinte vi kunnskapsgrunnlaget var for dårleg, og at det måtte utførast nye kartleggingar. Dette gjaldt konsekvensane for fugletrekka, og i tillegg hubro på Lutelandet. Med same grunngjevnad klaga vi på godkjenningsvedtaket for MTA-planen for Lutelandet vindkraftverk. MTA-planen for Bremanger vindkraftverk er ikkje ferdig handsama hjå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). I den saka peikte vi på at undersøkinga av fugletrekk ikkje følgde opp dei minstekrava som var stilt.

Fugleradarundersøkinga som var del av MTA-planen for Okla vindkraftverk var etter vårt syn god, men tok ikkje konsekvensane av dei funna som var gjort. Olje- og energidepartementet avgjorde her at det skal gjennomførast etterundersøkingar for å finne ut korleis vindkraftverket verkar inn på det omfattande fugletrekket i området.

Eit generelt problem med vindkraftsaker er at konsekvensutgreiingane, og dels òg konsesjonane, kan vere 8-10 år gamle, og at eit tynt undersøkingsprogram ikkje er supplert med ny kunnskap slik det bør gjerast etter reglane i naturmangfaldlova.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.