Ulv i Fjaler

Det er no stadfesta at ei innsendt prøve med snø og blod, i eit mogleg ulvespor frå Fjaler, inneheldt DNA frå ulv. Prøven var frå 9. desember i Rotebotn i Fjaler kommune.

NINA (Norsk Institutt for naturforskning) har undersøkt den innsendte prøven som viser at det er frå ein ung hannulv som er fødd i Sverige.

Fylkesmannen utbetalte erstatning for 20 vaksne søyer og 139 lam i beitesesongen 2018. Statens naturoppsyn dokumenterte ulveskader i kommunane Naustdal, Fjaler, Hyllestad og Høyanger.

Vestland ligg i rovviltregion 1 der beitebruken skal ha prioritet. Det er ikkje bestandsmål i regionen for nokon av dei fire store rovdyra våre.

På denne bakgrunn har rovviltnemnda i region 1 vedteke ei lisenskvote på tre ulvar for heile regionen (Agder-Rogaland-Vestland).

Lisensjakt krev løyve av grunneigar, lisens frå Jegerregisteret og betalt jegeravgift for 2018/2019. Ulv blir rekna som storvilt slik at og skyteprøve må vere bestått.

Lisensjakta varer til og med 31. mars, sjå vedlegg i høgremargen.