Tysdag 1. desember startar lisensjakta på to ulvar

Lisensjakta varer frå 1. desember 2020 til og med 31. mai 2021. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.11.2020

Rovviltnemnda i region 1 vedtok at det kan fellast tre ulvar i regionen (Vestland, Rogaland og Agder (den delen som tidlegare var Vest-Agder)) i perioden 1. desember 2020 til og med 31. mai 2021.

Vedtaket til rovviltnemnda finn du her. 

Etter skadefelling av ein ulv i Rogaland 16. oktober er det to ulvar att på lisenskvoten.

Ulven registrert i november

I Vestland er lisensjakt på ulv mest aktuelt i kommunane Hyllestad, Fjaler og Høyanger. Her har ein hannulv hatt tilhald sidan sommaren 2018 og har gjort skade på sau i desse kommunane. Ulven er teke bilete av på viltkamera seinast i Fjaler kommune i november 2020.

Det har vore tildelt skadefellingsløyve på denne ulven sidan i sommar, og som gjeld fram til 30. november, utan at det har gjeve resultat så langt.

Krav om personleg lisens

For å delta i lisensfelling er det krav om personleg lisens frå Jegerregisteret. For å få lisens må ein vere fylt 18 år, ha betalt jegeravgifta for 2020 og ha overhalde rapporteringsplikta, jamfør forskrift om forvaltning av rovvilt § 16.

Andre krav til lisensjakta:

  • Det krevst løyve av grunneigar
  • Oppdatert informasjon om kvote blir lagt ut på tlf. 51568900 (telefonsvarar). Alle jegerar pliktar å halde seg orienterte om kvoten som er att.
  • Felt dyr skal straks meldast til Fylkesmannen på tlf. 48143095 og Statens naturoppsyn tlf. 48094364. Felt dyr skal visast fram for Statens naturoppsyn for kontroll. Den som skyter på ulv utan at han blir felt pliktar å melde frå straks til Fylkesmannen, Statens naturoppsyn og politi. Fylkesmannen avgjer korleis det vidare ettersøket skal gjennomførast.
  • Rifle er tillate ved lisensfelling av ulv. Sjå elles viltlova sine føresegner for mellom anna utøving av jakt, felling og fangst (forskrift av 22. mars 2002, sist endra 16.05.2012).
  • Irregulær avgang eller skadefelling gjennomført etter nemnda sitt vedtak blir belasta kvoten.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.