Regjeringa har endra på lisensperioden for ulv utanfor ulvesona

Lisensperioden er opphavleg ut mars månad, men er no endra til ut mai månad. 

Lisensperioden er utvida ut mai månad

I rovviltregion 1, som inkluderer Hordaland og Sogn og Fjordane, er det i dag lisensjakt på ulv med kvote på tre ulvar. Lisensperioden var opphavleg ut mars månad, men er no endra til ut mai månad. Dette vil gje betre høve til lisensfelling på sporsnø om våren. Den nye lisensfellingsperioden er no frå 1. desember til og med 31. mai. Endringa trer i kraft straks, slik at lisensfelling kan gjelde for våren 2019.

Lisensjakt krev lisens

Lisensjakt på ulv krev lisens frå Jegerregisteret og løyve av grunneigar. Den som feller ulv, eller løyser skot mot ulv, skal straks melde frå til Fylkesmannen på tlf. 48 14 30 95 og Statens naturoppsyn på tlf. 48 09 43 64.