Løyve til skadefelling av jerv

Naddvik sankelag har etter søknad fått løyve til skadefelling av ein jerv i beiteområdet i fjellet mellom Årdal og Lærdal. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.08.2020

Ein jerv vart observert i beiteområdet 22. august og same dag fekk Statens naturoppsyn melding om eit lam som truleg var drepe av jerv. Neste dag vart dette dokumentert av Statens naturoppsyn. Området har tidlegare år vore utsett for store tap grunna jerv, og det er på denne tida av året at jerven kan gjere mykje skade.

Beiteområdet er viktig for saueeigarane i Naddvik og for dei som høyrer til på Lærdalssida av fjellområdet. Dette er bakgrunnen for at Fylkesmannen tildelte skadefellingsløyve på ein jerv frå 22. august – 30. august. Ansvarleg fellingsleiar for fellingsforsøket er Osvald Hofslundsengen som representerer fylkesfellingslaget.

Det er rovviltnemnda i region 1 som vedtek ramma for tal skadefellingsløyve for rovdyra. For jerv er ramma 8 dyr i heile regionen som kan fellast i tida 1. juni 2020 – 15. februar 2021. Pr. i dag er det ikkje felt jerv i region 1.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.