Lisensjakt på jerv og ulv

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jervar og tre ulvar kan fellast under årets lisensjakt i region 1.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.09.2019

Lisensjakta gjeld for heile Hordaland og Sogn og Fjordane. Jakttida for jerv er frå 10. september 2019 til 15. februar 2020. For ulv er jakttida frå 1. desember 2019 til 31. mai 2020.

Det er eit mål å auke talet på jervar som blir felte under lisensjakta slik at behovet for ekstraordinært uttak vert mindre. Lisensjegerar kan vende seg til Jegerregisteret for å få lisens på jerv og ulv. Jervejakta og ulvejakta krev i tillegg løyve frå grunneigar.

Jegerar som skal på jerve- eller ulvejakt pliktar å halde seg oppdatert om den attverande kvoten på telefon (automatisk telefonsvarar) 51 56 89 00. Den som feller jerv eller ulv, eller løyser skot mot jerv eller ulv, skal også straks melde frå til Fylkesmannen på tlf. 48 14 30 95 og Statens naturoppsyn på tlf. 48 09 43 64.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.