Fylkesmannen har tildelt skadefellingsløyve på ein ulv i kommunane Hyllestad, Fjaler og Høyanger

Statens naturoppsyn har 9. september undersøkt to kadaver av sau der ulv er dokumentert som skadegjerar.

Det eine tilfelle av undersøkte sauekadaver er i Fjaler og det andre i Høyanger. I tillegg manglar det ein del sau og lam i desse områda og i tilgrensande område. Det er derfor grunn til å tru at tapa er større.

Skadefellingsløyvet er tildelt dei tre kommunane i fellesskap. Det etablerte fellingslaget i regionen er ansvarleg for fellingsforsøket.

Fellingsløyvet gjeld i tida 12. september til og med 30. september, og er avgrensa geografisk til Dalsfjorden i nord, kommunegrensa mellom Fjaler og Gaular og E39 i aust og Sognefjorden i sør.

Ulven er mest truleg den same som har vore i området sidan juli 2018. DNA-prøver viser at dette er ein ung hannulv som er fødd i Sør-Sverige, og som vandra til Sogn og Fjordane i 2018. Ulven er ikkje vurdert til å vere genetisk viktig for ulvebestanden i Noreg.