Forlenga skadefellingsløyve på ein ulv i Hyllestad, Fjaler og Høyanger

Etter funn av fleire kadaver i september har Fylkesmannen forlenga skadefellingsløyvet på ein ulv.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.10.2019

Statens naturoppsyn har i løpet av september undersøkt fleire sikre skadar av ulv, og nokre usikre skadar. Mellom dei usikre er ei skada kvige.

Hovudsankinga av sau er no over, men det vil framleis vere ettersanking og ikkje minst leiting etter sakna dyr som kan vere tekne av ulv. Fylkesmannen vil difor forlenge løyvet med 14 dagar, slik at løyvet gjeld frå og med 1. oktober til og med 15. oktober. Vilkåra er dei same som for det opphavlege løyvet som gjaldt frå 12. – 30. september. Det etablerte fellingslaget i regionen er ansvarleg for fellingsforsøket, og skadefellingsløyvet er tildelt dei tre kommunane i fellesskap.

Ulven som gjer skade er den same som har vore i området sidan juli 2018, og det er påvist fleire DNA-prøver frå ulven. Den unge hannulven kjem frå Sør-Sverige og er ikkje vurdert til å vere genetisk viktig for ulvebestanden i Noreg.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.