Avslag på søknad om forlenga skadefellingsløyve på ulv

Fylkesmannen har avslege søknaden om å forlenge skadefellingsløyvet på ein ulv i Hyllestad, Fjaler og Høyanger.

 

I førre fellingsperiode (1. oktober – 15. oktober) har Statens naturoppsyn dokumentert eitt lam drepe av ulv. Vi reknar no med at sauesankinga er ferdig i området, og potensialet for skade i utmark er ikkje lenger til stades. Fellingsforsøket blir derfor avslutta. Det har vore lagt ned stor innsats frå det regionale fellingslaget, hjortejegerar, saueeigarar og andre for å felle ulven.

Fylkesmannen vil understreke at gjeldande politikk er at det ikkje skal vere ulv som gjer skade på bufe i region 1. Når skadefellingsløyvet ikkje har gjeve resultat, må det vurderast om andre tiltak kan settast inn. Vi har derfor tilrådd at søkjaren kontaktar Miljødirektoratet for å vurdere ekstraordinære tiltak, slik at ulven kan bli felt før neste beitesesong.