Rovvilt

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn blir rekna som rovvilt. Det er eit hovudmål å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane og av kongeørn. Samtidig er det eit mål å oppretthalde eit aktivt landbruk for å utnytte beiteressursane for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må vi forvalte rovviltbestanden, samtidig som landbruket må tilpasse seg noko i kjerneområda for rovvilt.

Dette er nokre av Fylkesmannens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:

  • tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
  • stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg

Vis meir


27.11.2019

Søndag startar lisensjakta på ulv

Perioden for lisensjakt på ulv er endra og startar i år 1. desember, og varer fram til og med 31. mai 2020.

23.10.2019

Søknad om erstatning for rovviltskade i 2019

No kan du sende inn søknad om erstatning for rovviltskade på sau for beitesesongen 2019. Frist for søknad er 1. november.

16.10.2019

Avslag på søknad om forlenga skadefellingsløyve på ulv

Fylkesmannen har avslege søknaden om å forlenge skadefellingsløyvet på ein ulv i Hyllestad, Fjaler og Høyanger.  

01.10.2019

Forlenga skadefellingsløyve på ein ulv i Hyllestad, Fjaler og Høyanger

Etter funn av fleire kadaver i september har Fylkesmannen forlenga skadefellingsløyvet på ein ulv.

12.09.2019

Fylkesmannen har tildelt skadefellingsløyve på ein ulv i kommunane Hyllestad, Fjaler og Høyanger

Statens naturoppsyn har 9. september undersøkt to kadaver av sau der ulv er dokumentert som skadegjerar.

09.09.2019

Lisensjakt på jerv og ulv

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jervar og tre ulvar kan fellast under årets lisensjakt i region 1.

29.08.2019

Forlenging skadefellingsløyve jerv - Luster kommune

Fylkesmannen har etter søknad forlenga skadefellingsløyve på ein jerv i Luster kommune

15.05.2019

Skadefellingsløyve på ulv

Fylkesmannen har i dag tildelt skadefellingsløyve på ein ulv i Hyllestad, Fjaler og Høyanger kommune. Fellingsløyvet gjeld frå 16. mai 2019 til og med 31. mai 2019

18.03.2019

Regjeringa har endra på lisensperioden for ulv utanfor ulvesona

Lisensperioden er opphavleg ut mars månad, men er no endra til ut mai månad. 

31.01.2019

Kvotefri jakt på gaupe

Kvotejakta på gaupe startar opp 1. februar og varer til 31. mars 2019. Rovviltnemnda i Region 1 har vedteke kvotefri gaupejakt i heile Sogn og Fjordane og Hordaland i denne perioden. Nemnda sitt vedtak om kvotefri gaupejakt er påklaga og kan difor bli endra. Dette vil i så fall bli annonsert.

29.01.2019

Ulv i Fjaler

Det er no stadfesta at ei innsendt prøve med snø og blod, i eit mogleg ulvespor frå Fjaler, inneheldt DNA frå ulv. Prøven var frå 9. desember i Rotebotn i Fjaler kommune.