Vi ønskjer informasjon om sårbare naturtypar og artar i sjø

(Foto: Erling Svensen)

Kartlegging av naturmangfald i sjø er ei mangelvare. Dersom du veit om sårbare artar eller spesiell natur i sjøen, vil vi gjerne at du melder det inn til oss. 

I naturmangfaldlova er omgrepet «naturtype» skildra som «einsarta type natur som omfattar alle levande organismar og dei miljøfaktorane som verkar der». Sagt litt enklare, er ein naturtype ein bestemt type natur og alt som lever i han.

Manglande oversikt over viktige naturtypar og sårbare artar kan i verste fall føre til at desse går tapt på grunn av nye eller auka påverknader frå menneskeleg aktivitet. Vi ønskjer difor å tilby ein portal der du enkelt kan melde inn funn av artar og naturtypar som ein ønskjer å beskytte, men av ulike grunnar ikkje ønskjer skal bli offentleg kjent.

Kvifor er kartlegging av sårbare naturtypar og artar viktig for Fylkesmannen?

Verksemder med utslepp til miljøet, må i mange tilfelle søke om løyve frå Fylkesmannen for å få lov til å forureine. Ein søknad om løyve skal mellom anna innehalde ei undersøking av miljøet i området som vert råka av utsleppet, og søkaren må også undersøke om det finst kjente sårbare artar eller naturtypar.

I vurderinga av ein søknad brukar Fylkesmannen tilgjengelege databasar for å finne informasjon om natur, artar og sjø/vatn som eit eventuelt utslepp går til som kanskje ikkje kjem fram av miljøundersøkingane. For å kunne gjere ei god vurdering, er det viktig å ha oppdatert og dekkande informasjon tilgjengeleg.

Dersom du veit noko av interesse, ber vi om at du melder det inn

Å legge data inn i desse databasane kan verke tidkrevjande og komplisert, og vi vil difor tilby eit enkelt innmeldingsskjema. Vi oppmodar alle som sit på verdifull kunnskap til å bruke nokre minutt på å fylle inn grunnleggjande informasjon i vårt skjema. Her er det også mogleg å laste opp ekstra dokument og bilete.

Skjema for innmelding av sårbare naturtypar og artar i sjø.