Kjem ternene våre til å forsvinne?

Hekkande raudnebbterner ved Ljøsøyskjeret, Øygarden 2014. Dette året fann ternene mat lokalt her, noko dei også har gjort fleire andre år. I 2020 var det derimot ingen terner som viste teikn til hekking på denne staden.
Hekkande raudnebbterner ved Ljøsøyskjeret, Øygarden 2014. Dette året fann ternene mat lokalt her, noko dei også har gjort fleire andre år. I 2020 var det derimot ingen terner som viste teikn til hekking på denne staden. (Foto: Terje Haugland)

Den som har budd ved vestlandskysten ei tid, har nok registrert at det mange stader er langt mellom ternene i dag. Aldri har bestanden vore lågare enn han er i 2020.

Kvart tredje år undersøker Fylkesmannen og Statens naturoppsyn alle kjende hekkekoloniar av sjøfugl. Bestanden vert registrert, og på denne måten får vi eit innblikk i korleis bestandane av dei ulike sjøfuglartane utviklar seg i vår region. Sist dette fann stad var i juni i år.

Sesongen er sein i år, og ein del av sjøfuglane på kysten ser ut til å stå over hekkinga dette året. Det er ikkje så unormalt. Fleire av artane kan bli gamle, og har såleis ikkje behov for å ale fram ungar kvart år. 2020 er tydelegvis eit krevjande år for sjøfuglane, dels ved at sesongen er sein og med utfordrande vêrtilhøve, og dels ved at det er lite mat å finne i sjøen.

Registrerte hekkekoloniar i 1980

Registrerte hekkekoloniar i 1980 (Foto: Fylkesmannen i Vestland)

Registrerte hekkekoloniar i 2020

Registrerte hekkekoloniar i 2020 (Foto: Fylkesmannen i Vestland)

Dramatisk for ternene

Særleg ille er tilstanden for makrellterne og raudnebbterne, og for desse artane er situasjonen dramatisk. Her har nemleg bestandane vore i sterk tilbakegang over lang tid. I heile Hordaland (vi har ikkje tilsvarande data frå Sogn og Fjordane) fann vi i år berre 115 hekkepar med makrellterne og 62 par med raudnebbterne. Det er sjølvsagt nokre mindre førekomstar vi har oversett, men estimert totalbestanden i 2020 er om lag 250 hekkepar, fordelt på ca. 160 par makrellterne og 90 par raudnebbterne.

Det eldste kvantitative registreringsgrunnlaget vi har for dette geografiske området skriv seg frå 1980, då det faglege grunnlaget for verneplanen for sjøfugl vart gjort. Då blei det registrert minst 2825 hekkepar med terner i den delen av Hordaland som vart undersøkt, og den gongen var det meir enn dobbelt så mange raudnebbterner som makrellterner her. Ikkje heile kysten vart undersøkt i 1980, så totalbestanden låg truleg ein stad mellom 3000 og 4000 hekkepar.

Langvarig tilbakegang

Det er all grunn til å tru at 1980 slett ikkje var noko toppår. Mest truleg var det eit steg i ein massiv tilbakegang for desse artane, ein tilbakegang som ser ut til å ha starta på 1960-talet og som sidan i hovudsak har vart ved. Dette er eit særs dårleg teikn, og vitnar om ein kystnatur som slett ikkje er så livskraftig som ein skulle ønskje.

Hovudforklaringa på tilbakegangen er næringssvikt

Årsakene til denne utviklinga er mange, og den som meiner å ha enkle svar på situasjonen tek garantert feil. Det er likevel liten tvil om at ei hovudforklaring er vedvarande næringssvikt over fleire tiår. Terner er neppe så kresne og tek truleg det dei får tak i av fisk, for det er mest berre småfisk dei lever av. Fisken må vere av rett storleik (altså liten nok), den må vere til stades i tilstrekkeleg mengd gjennom minst to månader av sommaren, og ettersom terner stuper og ikkje dykkar etter maten må fisken vere tilgjengeleg heilt i havoverflata. Sviktar ein av desse føresetnadane vert det ikkje ternehekking det året. Slik svikt ser ut til å ha vore meir regelen enn unntaket.

Tobis og fjordbrisling

Nokre fiskeslag er likevel viktigare enn andre. Førekomst av tobis (havsil) kan sjåast på som ein nøkkelfaktor for fleire av dei marine økosystema på Vestlandet. Havsilen har store gytefelt midt ute i Nordsjøen, men denne fiskeressursen har lenge vore overbeskatta gjennom industritrålfisket. Kanskje var det ei meir forsiktig forvalting gjennom det siste tiåret som gjorde at vi sommaren 2019 opplevde eit markant innsig av havsil på kysten, eit fenomen vi ikkje har opplevd sidan 1960-talet. Kystfiskarane kan fortelje om enorme mengder med havsil mange somrar på kysten fram til midten av 1960-åra, men med unnatak av i fjor har dette fenomenet ikkje vore registrert sidan. Havforskningsinstituttet har laga ein rapport om tobisen på Vestlandet. 

Situasjonen i 2019 skulle såleis vere gunstig for ternene, og var kanskje også det. Bestandstala for 2020 indikerer rett nok ikkje dette, men svaret får vi tidlegast neste år. Ternene som hekkar i Europa held seg nemleg på den sørlege halvkula gjennom dei første to leveåra, så dersom ungeproduksjonen var bra i 2019 vil vi først kunne registrere dette sommaren 2021. Utgangsbestanden i fjor var uansett låg, så svært store effektar har vi ikkje lov å håpe på.

Innover i fjordane har ikkje tobisen vore like viktig. Her var truleg fjordbrislingen ei hovudnæring for ternene, men også denne fiskearten har vore på eit særs lågt nivå dei seinare tiåra. I vestlandsfjordane finst det knapt ei terne att i dag. Vi ser at ein del av ternene som enno hekkar, ofte kjem med små leppefisk til ungane sine. Leppefisk er truleg for «nødproviant» å rekne for ternene som dei jaktar på når dei ikkje finn anna. Ternene er slett ikkje åleine om  det – også denne ressursen er det konkurranse om på kysten i dag.

Du kan hjelpe med å registrere!

Fylkesmannen i Vestland ser det som ei prioritert oppgåve å følgje med på utviklinga i sjøfuglbestandane i regionen, og særleg gjeld dette ternene. Kan noko gjerast for å få fleire terner tilbake på kysten, vil vi arbeide for å få det til. Vi finn ikkje alle førekomstane som finst under våre registreringar. Veit du om ein stad der det hekkar terner i år, set vi stor pris på å få melding om det. Meldinga kan du sende til fmvlpost@fylkesmannen.no eller som sikker melding på www.fylkesmannen.no/melding. Skriv namn på lokaliteten, om lag kor mange fuglar der er, art (dersom du veit det) og kontaktinformasjon din i tilfelle vi treng fleire opplysningar.