Ta vare på fuglane i slåtten

Du kan no få tilskot om du tek omsyn til åkerrikse, vipe og storspove i slåtten. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.05.2020

Truga av moderne landbruksdrift

Som følgje av dei store omleggingane av landbruket frå slutten av 1800-talet og fram til i dag er fleire av fuglane som hekkar i kulturlandskapet truga.

Dette gjeld i første rekke dei som hekkar i kultureng og kornåkrar, der hekking kjem i konflikt med effektive maskinar og fleire avlingshaustar. Egg og ungar blir ofte øydelagde eller drepne i møte med slåmaskinar, fôrhaustarar eller skurtreskarar.

Om du ønskjer å legge til rette for vipe, storspove eller åkerrikse, kan du i år søke om RMP-tilskot. Sjå lenke til høgre for meir informasjon om denne ordninga.

Vi vil gjerne vite det om du høyrer åkerriksa 

Åkerriksa er sky og blir nesten aldri sett, men den karakteristiske songen kan høyrast godt om nettene no på forsommaren. Slik høyrest ho ut. Åkerriksa hekkar i ope kulturlandskap og andre område med høg gras- og urtevegetasjon. Tidlegare var ho vanleg i låglandet i Noreg nord til kysten av Helgeland, men på slutten av 1800-talet byrja bestanden å gå kraftig tilbake, og i 2008 vart det berre registrert om lag 100 syngande hannar. Dei fleste av desse finn vi i Hedmark, Oslo og Akershus og Rogaland. Men òg i Vestland finn vi framleis åkerriksa nokre stader.

Sidan åkerriksa er ein kritisk truga art har Miljødirektoratet utarbeidd ein eigen handlingsplan for arten (sjå lenke til høgre). 

For at vi skal vite kor det er aktuelt med tiltak for å ta vare på åkerriksa må vi vite kvar ho hekkar. Til dette treng vi hjelp, og vi ber derfor om at dei som høyrer åkerriksa synge i sommarnatta gir oss beskjed om det.

Om du høyrer åkerriksa....

ber vi om at du anten registrerer dette i artsobservasjoner.no eller tek kontakt med ditt lokale landbrukskontor eller Fylkesmannen i Vestland (kontaktinfo til høgre).

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.