Naturmangfald

Naturen skal forvaltast slik at plantar og dyr som finst naturleg i Noreg, skal sikrast i levedyktige bestandar. Vi skal også ta vare på den variasjonen som finst i naturtypar, landskap og geologi.

Alle har ansvar for naturmangfaldet

Alle typar inngrep i naturen kan true naturmangfaldet. Vi må derfor alltid vurdere konsekvensane av inngrep som for eksempel større vegar eller nye bustadområde.

Dei to viktigaste lovene for å sikre naturmangfaldet er naturmangfaldlova og plan- og bygningslova. Naturmangfaldlova pålegg styresmaktene å vurdere tiltak når naturen er trua.

Fylkesmannen er med på å sikre at leveområde, artar og naturressursar blir tekne vare på, blant anna ved å kontrollere at kommunane følgjer naturmangfaldlova, og sørgje for at kunnskap om miljøet blir lagt til grunn for kommunale avgjerder.

Trua artar og naturtypar

Meir enn 2000 plante-, sopp- og dyreartar står i fare for å bli utrydda i Noreg.  Regjeringa har peikt ut nokre av dei trua artane og naturtypane som «prioriterte artar» eller «utvalde naturtypar». Desse blir det teke særleg omsyn til i forskrifter til naturmangfaldlova. Fylkesmennene har ansvar for det faglege grunnlaget for nye handlingsplanar for trua artar og naturtypar, og for å gjennomføre tiltaka når planane er vedtekne. I mange tilfelle blir tiltaka utførte i samarbeid med grunneigarar, kommunar og foreiningar. 

Framande artar

Framande artar er plantar og dyr som ikkje høyrer naturleg heime i naturen vår. Meir reising, meir handel og eit mildare klima er nokre av årsakene til at det kjem nye framande artar til Noreg.

Det er viktig at framande artar ikkje skadar økosystema våre. Fylkesmennene deltek i arbeidet med å nedkjempe framande skadelege artar, blant anna ved å fjerne framande plantar frå verneområde og informere hageeigarar om kva for plantar dei helst ikkje bør bruke. Fylkesmannen har også oppgåver knytte til kartlegging og overvaking av framande artar.

Vis meir


13.09.2019

Framlegg om skogvern - Stemnebøskogen naturreservat

Fylkesmannen i Vestland melder med dette at vi har sendt på høyring eit framlegg om å opprette Stemnebøskogen naturreservat på Hisarøyna i Gulen i Sogn og Fjordane.

28.08.2019

Kvifor dør insekta våre, og korleis kan vi hjelpe dei?

Bli med på insektkonferansen «Stikk» som går av stabelen på Naturhistorisk museum i Bergen fredag den 20. september.

01.07.2019

Krykkjer på flyttefot

Ein av dei mest utryddingstruga fugleartane i Noreg hadde funne ut at Måløy er ein grei stad å bu. Det viste seg etter kvart å bli eit problem for mange partar, og tiltak blei sett i verk for å tilby krykkjene alternativ bustad.

28.05.2019

Kartlegging av naturtypar i Hordaland og Sogn og Fjordane

Sommaren og hausten 2019 blir det gjennomført kartlegging av naturtypar i delar av Lærdal, Bergen, Kvinnherad, Os og Tysnes kommunar.

21.02.2019

Oppstart av frivillig skogvern i tre område i Hordaland

Etter ønskje frå grunneigarane melder vi formell start av arbeid med frivillig skogvern i Fusa, Kvinnherad og Meland. Frist for innspel er 13. mars 2019.

11.02.2019

Vi vil fjerne minken på Fedje

Statens naturoppsyn og Fylkesmannen i Vestland samarbeider om å fjerne mink i Fedje kommune. Arbeidet startar opp i februar. Målet er å ta ut mest mogleg mink før han ynglar.